Det var etter talslepp som viste større inntekter og større underskot, at investorane torsdag sende Arctic Bioscience-aksjen ned til det som nesten vart ei ny botnnotering. Men fredag vart selskapet børsvinnar i nordvest med ein oppgang på 6,37 prosent.
Ein liten opptur vart det også for Hofseth Biocare-aksjonærane. Aksjen steig 3,72 prosent etter talslepp. Selskapet slit framleis med raude tal, og hadde i fjerde kvartal eit resultat før skatt på minus 137,1 millionar kroner av ei omsetning på 120,5 millionar. Men selskapet melder om auka sal, og spesielt sal til Kina vert trekt fram som lovande.
Havila Shipping-aksjen steig også i takt med oljeprisen. Eitt fat nordsjøolje vart ved børsslutt omsett til 86,31 dollar fatet, opp 2,7 prosent. Oppgangen kjem etter at Reuters opplyste at Russland vil kutte produksjonen med 500.000 fat per dag i mars.
Nortel-aksjen fekk seg eit nytt lite hopp, men det er framleis lite handel i aksjen, medan Hexagon Composites-aksjen fall heile 7,08 prosent.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Arctic Bioscience | 10,85 | 6,37 % |
Nortel | 23,2 | 5,45 % |
Havila Shipping | 20,4 | 4,08 % |
Hofseth Biocare | 2,79 | 3,72 % |
Hexagon Purus | 28,76 | 3,30 % |
Hav Group | 9,65 | 1,58 % |
Sparebanken Møre | 84 | 1,20 % |
Statt Torsk | 1,42 | 1,07 % |
Atlantic Sapphire | 9,05 | 0,56 % |
Havila Kystruten | 10,1 | 0,49 % |
Salmon Evolution | 8,48 | -1,28 % |
Eqva | 2,85 | -1,72 % |
Endúr | 30,35 | -2,02 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,6 | -2,44 % |
Norva24 Group* | 33,5 | -3,46 % |
Hexagon Composites | 32,82 | -7,08 % |
* I svenske kroner. Selskapet er registrert på Stockholms-børsen |
Publisert: 10.02.2023 16:48
Sist oppdatert: 10.02.2023 17:21