Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
I løpet av tysdagen var Golden Energy Offshore Services nede i ein aksjekurs på 12,70 kroner etter eit nytt fall.
Sluttkursen til reiarlaget har ikkje vore lågare sidan oktober 2020, då den éin dag var nede i 11,30 kroner.
Mot slutten av dagen tok kursen seg litt opp og enda på 14,20 kroner - ned drygt 5 prosent i løpet av dagen.
Golden Energy Offshore Services-kursen var over 20 kroner aksjen nokre veker i august. Sidan har det gått nedover. Før helga kom eit nytt fall etter at reiarlaget melde om sviktande aktivitet og behov for påfyll av pengar.
Ålesund-reiarlaget har ni skip i flåten, som hovudsakleg består av PSV-ar med Ulstein PX121-design. Reiarlaget eig sjølv sju av fartøya.
Hovudindeksen var Oslo børs slutta med ein oppgang på 0,23 prosent på 1585,53 poeng. I løpet av dagen sank oljeprisen kring 2,5 prosent til 61,20 dollar fatet.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 3,65 | 4,29 % |
| Atlantic Sapphire | kr 7,02 | -1,13 % |
| Endúr | kr 84,00 | 1,94 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 14,20 | -5,02 % |
| Hav Group | kr 5,80 | -1,69 % |
| Havila Kystruten | kr 60,00 | -3,61 % |
| Havila Shipping | kr 1,21 | 4,31 % |
| Hexagon Composites | kr 6,36 | -0,93 % |
| Hexagon Purus | kr 1,80 | -4,66 % |
| Hofseth Biocare | kr 1,60 | -3,33 % |
| Tinde Sparebank | kr 117,80 | -0,17 % |
| Salmon Evolution | kr 4,95 | -0,90 % |
| Sparebanken Møre | kr 101,00 | 0,06 % |
Publisert: 25.11.2025 15:05
Sist oppdatert: 25.11.2025 17:05






