Børsdagen: Meiner departementet bommar
Finansanalytikar meiner oppdrettsnæringa må betale rundt dobbelt så mykje i lakseskatt som regjeringa anslår.
Skatten vil gi mellom 3,65 og 3,8 milliardar kroner i ekstra skatteinntekter årleg, ifølgje regjeringa sitt anslag.
Regjeringa vil at spotprisen på laks skal vere utgangspunktet for berekning av grunnlaget for den nye grunnrenteskatten som regjeringa vil innføre.
Med prisen som er venta for neste år anslår finansanalytikar Herman Aleksander Dahl i Nordea at den ekstra skatterekninga for oppdrettselskapa, blir rundt det dobbelte av kva regjeringa anslår.
- Det ser ut som om den (regjeringa, red.merk) har lagt til grunn relativt lave lakseprisar, seier Dahl.
Sjømatindeksen på Oslo Børs stupte etter at lakseskatten blei offentleggjort i førre veke og er no over 20 prosent under nivået før framlegget om skatteauke blei kunngjort.
Etter Dahl si vurdering er storparten av effekten av skatteauken tatt ut i kursfallet som har vore, men trur samstundes det tek tid å få full forståinga av kva ringverknadar skatteauken får og kva dette har å bety for investeringane i bransjen.
Nordvestlandet har ikkje børsnoterte oppdrettselskap som driv med oppdrett i sjø, men har fleire bedrifter som leverer utstyr og anlegg til oppdrettsbransjen og som no er nervøse.
To landbaserte oppdrettselskap har også forretningsadresse her, Salmon Evolution og Atlantic Sapphire. Begge har sluppe unna kursfallet som har råka oppdrettselskapa som først og fremst driv i sjø.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Arctic Bioscience | 15,00 | 11,11 % |
Endúr | 26,00 | 5,67 % |
Statt Torsk | 2,30 | 5,50 % |
Atlantic Sapphire | 11,65 | 4,58 % |
Hexagon Purus | 20,82 | 4,52 % |
Hexagon Composites | 24,80 | 2,48 % |
Norva 24* | 32,23 | 2,32 % |
Havila Kystruten | 18,20 | 1,96 % |
Sparebanken Møre | 70,38 | 0,54 % |
Havila Shipping | 8,30 | 0,00 % |
Salmon Evolution | 8,44 | -0,12 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,99 | -0,75 % |
Havyard Group | 3,66 | -0,95 % |
Hav Group | 9,58 | -2,24 % |
Hofseth Biocare | 3,05 | -3,17 % |
Nortel | 17,40 | -9,84 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 04.10.2022 16:00
Sist oppdatert: 11.11.2022 09:58