Njål sævik nor shipping 2022 foto kjetil 11
INGEN GRUNN TIL FEIRING: Havila Shipping-sjef Njål Sævik hadde ingen grunn til å feire med kake fredag. Her frå Nor-Shipping tidlegare i år. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Børsdagen: Meir enn halvert på fire veker

Ny blodraud dag med brottsjø for Havila Shipping og sentral lakseinvestor som har kasta korta.

Marius Rosbach
23.09.2022

Fredag blei nok ein raud dag på Oslo børs med kraftig fall i hovudindeksen. Då handelen stengte var børsen ned heile 4,04 prosent til 1.112,20.

Oljeprisen gjekk også kraftig ned med nær fem prosent per fat rundt stengetid. Då blei eit fat nordsjøolje handla for drygt 85 dollar.

Havila Shipping fekk hardast medfart av selskapa frå Nordvestlandet. Aksjen sank med nye 9,32 prosent til 8,27 kroner.

Det betyr at børsverdien for reiarlaget frå Herøy er halvert på mindre enn ein månad. Så seint som 26. august blei aksjen omsett til meir enn 17 kroner.

Best utvikling av selskapa frå regionen fekk lakseoppdrettarane i Attlantic Sapphire.

Selskapet som satsar på landbasert oppdrett av laks i USA, fekk ein opptur etter torsdagens nye botnnotering. Fredag steig aksjen 3,53 prosent til 11,44 kroner.

Fredag vart det óg kjent at kjendisinvestor Arne Blystad har selt seg ned – og verkar å ha mista trua på selskapet. Ifølgje Finansavisen har Blystad selt seg ned over tid og er no vekke frå lista over dei 50 største aksjonærane.

Arctic Bioscience nådde ny botnnotering dagen etter den førre, med eit fall på 0,8 prosent til 12,40 kroner.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Atlantic Sapphire 11,44 3,53 %
Hav Group 10,86 2,07 %
Nortel 20 2,04 %
Statt Torsk 2,22 1,37 %
Havyard Group 3,1 0,49 %
Sparebanken Møre 70,98 0,18 %
Hofseth Biocare 3,44 0,00 %
Arctic Bioscience 12,4 -0,80 %
Salmon Evolution 8,13 -1,57 %
Norva24 Group * (ikkje avslutta) 31,8 -1,79 %
Hexagon Purus 18,34 -2,96 %
Hexagon Composites 23,08 -3,43 %
Golden Energy Offshore Services 2 -5,00 %
Havila Kystruten 16 -5,33 %
Endúr 22,3 -8,81 %
Havila Shipping 8,27 -9,32 % |
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 23.09.2022 16:45

Sist oppdatert: 23.09.2022 17:03