Arctic Bioscience fabrikk Christer Valderhaug Ill Arctic Bioscience Christer Valderhaug
FABRIKK PÅ IS: Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug fekk ein tung dag på børsen måndag. Nyleg sette selskapet bygging av ny fabrikk i Hovdebygda på vent. Illustrasjon/foto: Arctic Bioscience/Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Mest minus på positiv dag

Tyngst i nordvest for helsekost.

Marius Rosbach
27.06.2022

Selskapa frå Nordvestlandet gjekk meir i minus, enn i pluss i løpet av måndagens handel på Oslo børs.

Av dei 16 selskapa med adresse på Nordvestlandet gjekk kring halvparten opp og halvparten ned – men fallet var tyngre, enn oppgangen for dagens kursar.

Tyngst var fallet for Arctic Bioscience med ein nedgang på 6,9 prosent til 13,50 kroner aksjen. Det var dagens femte største fall på Oslo børs.

Aksjeverdien for selskapet som lagar helsekostprodukt - og har planar om legemiddelproduksjon - er om lag halvert sidan børsnoteringa i fjor vinter. Så langt i år er fallet på kring 25 prosent.

Hovudindeksen på Oslo børs steig med 1,8 prosent måndag, mykje grunna oppgang i oljeprisen. Eit fat nordsjøolje var ved stengetid for børsen i Oslo opp 3,78 prosent, og var endå høgare tidlegare måndag.

DOF og Siem Offshore steig begge kraftig i løpet av dagen, men ingen av offshorereiarlaga frå Nordvestlandet vart drege med i oppgangen.

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Norva24 Group * 36,33 3,84 %
Statt Torsk 2,24 3,70 %
Salmon Evolution 7,98 1,66 %
Hexagon Composites 28,36 1,43 %
Havila Shipping 16,8 1,20 % |
Hexagon Purus 28,18 0,79 %
Hofseth Biocare 3,79 0,53 %
Sparebanken Møre 75 0,00 %
Nortel 19,2 0,00 %
Golden Energy Offshore Services 1,75 -0,57 %
Havyard Group 3,47 -1,00 %
Havila Kystruten 18,1 -2,95 %
Atlantic Sapphire 21,8 -3,96 %
Hav Group 14,4 -4,74 %
Endúr 23,05 -4,90 %
Arctic Bioscience 13,5 -6,90 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 27.06.2022 16:56

Sist oppdatert: 27.06.2022 17:24

Mer om