Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar, og leverer også batterisystem. Når hydrogen er produsert av fornyebarenergi eller kjernekraft er det ein energiberar som ikkje gir utslepp av CO2.
Marrknaden har ikkje utvikla seg slik selskapet hadde venta, mellom anna fordi den politiske drahjelpa i USA forsvann då Donald Trump tok over som president etter Joe Biden i januar i år. Hexagon Purus måtte sette bremsene på og seie opp tilsette. Ei andre runde med nedbemanningar starta i sommar er fullført.
I kvartalsrapporten for 3. kvartal 2025 skriv Hexagon Purus-sjef Morten Holum at "underliggande driftsresultat betra seg i tredje kvartal samanlikna med første halvår. Det gjenspeglar høgare aktivitetsnivå og reduserte kostnadar",
Han ventar ytterlegare betring i 4. kvartal.
Kan halde ut
Med slike underskot som Hexagon Purus har (sjå tabell under) er det også eit spørsmål om selskapet har midlar til å kome seg gjennom nedturen.
"Fokuset vårt er framleis å oppretthalde stabile operasjonar og disiplinert gjennomføring etter dei siste organisatoriske endringane. Samstundes går vi framover med porteføljegjennomgangen som vart sett i gang tidlegare i år. Desse tiltaka – kombinert med ein slankare kostnadsstruktur – har som mål å sikre tilstrekkeleg likviditet for å nå EBITDA og kontant breakeven", skriv Holum i kvartalsrapporten.
Børsfall
Meldinga frå Holum hindra ikkje at Hexagon Purus vart selskapet som med det nest største kursfallet på Oslo Børs i dag. Før børsen opna i dag var kursen i Hexagon Pursus 2,145 kroner aksjen. Kursen verdsette selskapet til 919 millionar kroner.
Det er 61,7 prosent ned sidan årsskiftet.
Då børsen opna fall kursen 4,43 prosent, til 2,05 kroner aksjen. Då børsen stengte i dag var sluttkursen 1,774 kroner aksjen, som er ned 17,3 prosent sidan i går. Den kursen verdset selskapet til 760 millionar kroner.
Kursfallet til Hexagon Purus kom i starten av året og stoppa då kursen nådde 1,17 kroner aksjen i april. Deretter har den svinga rundt to kroner aksjen.
Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengete i ettermiddag.
| Hexagon Purus ASA | ||
| Pr. 3. kvartal. I mill.kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 675,8 | 1479,5 |
| Driftsresultat | -715,6 | -394,0 |
| Resultat før skatt | -1026,6 | -542,2 |
| Hexagon Purus ASA | ||
| 3. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 252,3 | 544,0 |
| Driftsresultat | -183,7 | -106,2 |
| Resultat før skatt | -366,6 | -151,1 |
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | 3,57 | 5,31 % |
| Atlantic Sapphire | 7,95 | 0,38 % |
| Endúr | 86,00 | -0,46 % |
| Golden Energy Offshore Services | 18,00 | -0,83 % |
| Hav Group | 6,40 | -2,44 % |
| Havila Kystruten | 1,27 | 2,42 % |
| Havila Shipping | 1,19 | - 3,25 % |
| Hexagon Composites | 9,33 | -4,41 % |
| Hexagon Purus | 1,77 | -17,30 % |
| Hofseth Biocare | 2,00 | -3,85 % |
| Tinde Sparebank | 120,10 | 0,91 % |
| Salmon Evolution | 5,19 | -0,38 % |
| Sparebanken Møre | 101,04 | -3,95 % |
Publisert: 21.10.2025 08:57
Sist oppdatert: 23.10.2025 16:53






