Jon Erik Engeset foto Ogne
OVERFØRING: Jon Erik Engeset er konsernsjef i Hexagon Composites, kor meir enn 69 millionar aksjar, til ein verdi for 1,3 mrd byttar eigar. FOTO: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Milliardutbytte i Hexagon Composites

Reduserer eigarskapet i Hexagon Purus til 38,4 prosent.

Linn Antonie Vårdal Solheim
14.07.2023

I ei børsmelding i dag melder Hexagon Purus om at utdelinga av aksjar som utbytte i morselskapet Hexagon Composites er utført.

Les børsmeldinga her.

Det er ein såkalla "in kind"-transaksjon, der andre verdiar enn kontantar overførast som utbytte.

Eigarskapet av meir enn 69 millionar aksjeandelar blir overført til aksjeeigarane i Composites, og vart meld om første gong i slutten av juni i år.

Utbyttet er på 0.3432 Purus-aksjar for kvar Composites-aksje ein eig.

Ved børsslutt ligg Purus-kursen på 18,54 kroner, og det er altså snakk om overføring av verdiar tilsvarande nesten 1,3 mrd NOK.

Etter transaksjonen reduserer Hexagon Composites eigardelen i Hexagon Purus kraftig, til 38,4 prosent av aksjane, men forblir største einskildeigar.

Ny kontrakt
Teknologiselskapet Hexagon Purus produserer mellom anna batteriteknologi og løysingar for hydrogen, og melde i dag om ei ny kontrakt i ei børsmelding.

Kontrakta har ein verdi på 33 millionar kroner, og Hexagon Purus skal utvikle og levere teknologi for mobil hydrogenfylling til ein ikkje namngitt europeisk bilprodusent.

Artikkelen er oppdatert i løpet av dagen, og med sluttkursar ved børsstenging.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Kystruten kr 1,26 6,78 %
Hofseth Biocare kr 2,74 5,38 %
Nortel kr 26,80 0,00 %
Statt Torsk kr 0,59 0,00 %
Norva 24 Group* 26,60 kr -0,19 %
Hexagon Purus kr 18,54 -0,32 %
Hav Group kr 9,92 -0,80 %
Hexagon Composites kr 23,90 -0,91 %
Sparebanken Møre kr 75,77 -0,92 %
Arctic Bioscience kr 10,35 -0,96 %
Salmon Evolution kr 6,52 -1,21 %
Endúr kr 39,50 -1,50 %
Atlantic Sapphire kr 5,97 -2,13 %
Havila Shipping kr 11,82 -2,15 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,13 -3,91 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,69 -5,28 %
* Kurs i SEK

Publisert: 14.07.2023 12:50

Sist oppdatert: 14.07.2023 19:02