Børsdagen: Motvind for Martini- medvind for Nortel
To selskap frå Nordvest steig markant på ein raud børsdag.
Mobilselskapet Nortel låg høgt på vinnarlista måndag med ein kursauke på 11,3 prosent til 20,60 kroner aksjen. Børsen prisar no Nortel til 297 millionar kroner.
Kursoppgangen kom utan at Nortel presenterte nytt. Det gjorde heller ikkje Hexagon Purus som steig 9,9 prosent til 37,16 kroner aksjen, noko som prisar heile selskapet til 9,6 milliardar kroner.
Under 100 dollar
Også Hexagon Composites hadde ein bra dag, og steig 2,8 prosent, på ein børsdag der hovedindeksen fall 1,02 prosent tynga av oljeprisfall.
Eitt fat Nordsjø-olje kostar no 98,38 dollar, 3,8 prosent mindre enn ved børsslutt fredag.
Sanksjonsfall
Størst fall av selskapa frå nordvest hadde Havila Kystruten, som vart råka av sanksjonar etter at EU fredag sette det russiske selskapet GTLK på sanksjonslista. At kursen ‘berre’ gjekk ned 7,2 prosent til 18 kroner aksjen, kan tyde på at dei fleste investorane hadde rekna med at Russland-sanksjonane til slutt også råka Havila Kystruten.
Heile selskapet er no prisa til 894 millionar kroner, som er 10 prosent ned siste månaden.
GTLK eig i utgangspunktet dei fire skipa og leiger dei tilbake til Havila Kystruten dei neste ti åra. Avtalen opnar for at Havila Kystruten kan kjøpe tilbake skipa etter to år, og gir selskapet rett til tilbakekjøp etter ti år.
Europeisk løysing
GTLK har finansiert Havila Capella, som er i rute. I ei pressemelding opplyser Havila Kystruten-direktør Bent Martini at alle seglingar med dette skipet vil gå etter ruteplan.
Han viser til at skipet er registrert i Norsk Ordinært skipsregister, med norsk flagg, norsk mannskap og norsk driftsselskap.
Som NETT NO tidlegare har omtala, arbeider Havila Kystruten med ei europeisk finansiell løysing, i staden for russiske GTLK. Dette stadfesta Kystruten måndag.
Hastar for Castor
For Havila Castor, skip nummer to, hastar det å få betalt byggjeverftet Tersan og få overtatt skipet ettersom Havila Castor alt skal setjast inn i rute 10. mai.
For dei to siste skipa er det ikkje så stor hastverk, men Havila Kystruten arbeider no med europeisk finansiering av alle dei fire skipa. At børsen ikkje sende kursen meir ned måndag, tyder på at investorane reknar med at Bent Martini og Per Sævik finn ei fornuftig løysing.
Hagen tok grep
For oppdrettsselskapa Salmon Evolution og Atlantic Sapphire var det ein roleg børsdag, sjølv om iLaks fredag melde om nye rekordprisar, heilt opp i 111 kroner for laks 6+ til Sør-Europa.
Måndag melde Stabburet-eigar Orkla at Nils K. Selte ville overta som ny konsernsjef etter Jaan Ivar Semlitsch frå 11. april. Selte er styreleiar Stein Erik Hagens mann og har sidan 2001 vore tilsett i Hagens familieselskap Canica, både som finansdirektør og adm. direktør. Hagen er tydelegvis misnøgd med kursutviklinga for Orkla-aksjen, men børsen reagerte måndag med å sende kursen ned ytterlegare 3 prosent.
Oljefunn
Måndag melde også Equinor om eit nytt oljefunn nær Troll- og Fram-området i Nordsjøen. Det er det sjette funnet i same område sidan 2019.
Førebelse berekningar av storleiken på funnet er mellom 4 og 8 millionar standard kubikkmeter utvinnberre oljeekvivalentar eller 25 til 50 millionar fat utvinnberre oljeekvivalentar.
Equinor fall likevel over 2 prosent, medan offshoreselskapet Havila Shipping fall 6 prosent etter fleire dagar med solid oppgang.
Les også
Publisert: 11.04.2022 17:04
Sist oppdatert: 12.04.2022 03:32