Havila Capella foto Per Eide Havila Kystruten 11
EITT HINDER TIL PASSERT: Havila Kystruten fekk avgjerda selskapet håpa på i britisk rett. Foto: Per Eider
Nytt

Børsdagen: Ny avklaring for Havila Kystruten

Eitt hindre igjen - å skaffe nesten ein milliard i ytterlegare finansiering.

07.07.2023

Havila Kystruten har fått medhald i britiske rett for at avtalen om refinansieringsplanen for selskapet er godkjent, sjølv om arbeidet er forseinka.

Det fortel selskapet i ei børsmelding i dag

Selskapet har henta inn omlag 760 millionar kroner i ei kapitalutviding og inngått ein låneavtale med eit internasjonalt kredittfond om å låne 3,5 milliardar kroner i tre år frå eit internasjonalt kredittfond. Refinansieringa skal fri Havila Kystruten frå banda til sin opphavlege långivar, det statseigde russiske finansieringsselskapet GTLK. GTLK-finansieringa gjorde at at også Havila Kystruten vart råka av sanksjonane mot Russland og russiske aktørar etter Russlands starta krig mot Ukraina.

Det som gjenstår er å skaffe ytterlegare finansiering av 85 millionar euro, i underkant av ein milliard kroner. Ein ny emisjon er eit alternativ for å få det til, ifølgje ei børsmelding frå selskapet tidlegare denne veka.


Salmon Evolution er i rute til å nå ein produksjon i 4. kvartal som tilsvarar 7.900 tonn hovudkappa og sløyd laks i året, skriv selskapet i ei oppdatering.

Les børsmelding her

Det betyr at selskapet frå og med neste år vil produsere med full kapasitet i 1. byggetrinn i anlegget i Indre Harøy i Romsdal. Fullt utbygd skal anlegget produsere 31.500 tonn i året.

Etter at kvartalsrapporten per 1. kvartal var lagt fram i mai har laksen i anlegget hatt ein god vekst. Pr. 30. juni har selskapet 1.047 tonn lakse (levande vekt) i anlegget, opp 31 prosent sidan 21. mai i år.

I løpet av resten av året skal det settast ut ny smolt i tre puljer.

Tidlegare i år hadde Salmon Evolution porblem med smittsam gjellesjukdom (AGD). Det er løyst ved å auke bruken av ultrafilolett berlysning av vatnet som blir pumpa inn i anlegget, og i tillegg ha kapasitet til å behandle fisken med ferskvassbad, ifølgje selskapet.

Salmon Evolution har leigd inn eit anlegg for produksjon av ferskvatn frå sjøvatn for å ha tilgang til nok ferskvatn.

Hexagon Composites sitt amerikanske datterselskap, Hexagon Agility, har inngått ein avtale med ein ikkje namngitt kunde. Kunden er eit leiande energiselskap i USA ifølgje ei børsmelding.

Hexagon Agility skal levere store flyttbare tankar for bruk av naturgass som energikjelde. Kontraktsverdien er omlag 155 millionar kroner.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Havila Kystruten 1,22 6,55 %
Salmon Evolution 6,72 4,35 %
Hav Group 10,20 4,29 %
Arctic Bioscience 10,45 3,47 %
Hofseth Biocare 2,53 3,27 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 2,88 2,86 %
Havila Shipping 11,98 2,04 %
Norva 24* 25,70 1,58 %
Endúr 38,70 1,31 %
Atlantic Sapphire 6,16 1,15 %
Sparebanken Møre 76,75 0,81 %
Golden Energy Offshore Services 1,12 0,00 %
Statt Torsk 0,60 -0,33 %
Hexagon Composites 24,40 -1,45 %
Nortel 26,60 -5,00 %
Hexagon Purus 17,42 -7,44 %
*Svenske kroner

Publisert: 07.07.2023 10:38

Sist oppdatert: 10.07.2023 11:16

Mer om