Børsdagen: Ny botnrekord for Havila Kystruten
Ned frå 25,8 til ni kroner aksjen.
I januar 2022 nådde Havila Kystruten toppnoteringa på 25,8 kroner aksjen. I dag vart det sju gangar handla aksjepostar til ni kroner aksjen i selskapet.
Stadig nye utsettingar for når dei to siste av fire skip i selskapet kan settast i drift tærer på tilliten i aksjemarknaden.
Ni kroner aksjen er den lågaste kursen i selskapet sidan børsnoteringa i 2021. Dagens kurs verdset selskapet til 672 millionar kroner.
Havila Kystruten hadde finansiert seg gjennom det statseigde russiske finansieringsselskapet GTLK, og vart omfatta av sanksjonane mot Russland etter at Russland gjekk til krig mot Ukraina. Havila Kystrutene har greidd å refinansiere seg. Havila Kystruten innfrir kravet frå GTLK ved å sette pengane inn på sperra konto, der dei skal stå til sanksjonane blir oppheva. Men Havila Kystruten manglar det naudsynte godkjent-stempelet frå irske styresmaktene på transaksjonen. Irland er heimlandet til eitt datterselskap av GTLK og har dermed ei avgjerande rolle, og har så langt ikkje kome med den avklaringa Havila Kystruten treng.
Det landbaserte oppdrettselskapet Atlantic Sapphire har fått fond styrt at det britiske investeringsselskapt Pelham Capital som ny, stor aksjonær, med i alt 10,43 prosent andel i selskapet går det fram av ei børsmelding.
Artikkelen er oppdatert, mellom anna med tabell over dagens kursar til børsnoterte selskap på Nordvestlandet.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Hexagon Composites | 32,24 | 1,38 % |
Salmon Evolution | 8,20 | 0,61 % |
Atlantic Sapphire | 5,40 | 0,19 % |
Sparebanken Møre | 78,00 | 0,00 % |
Arctic Bioscience | 10,80 | 0,00 % |
Nortel | 29,00 | 0,00 % |
Norva 24* | 29,00 | 0,00 % |
Statt Torsk | 0,97 | -1,22 % |
Hexagon Purus | 23,80 | -1,24 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 3,16 | -1,25 % |
Hofseth Biocare | 3,38 | -1,74 % |
Hav Group | 10,90 | -1,80 % |
Endúr | 44,80 | -2,82 % |
Havila Shipping | 14,70 | -3,29 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,10 | -3,51 % |
Havila Kystruten | 9,00 | -8,54 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 17.04.2023 16:04
Sist oppdatert: 19.04.2023 10:41