Børsdagen: Ny opptur for Hexagon Purus
Men eit reiarlag frå Herøy blei dagens børsvinnar.
Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Hexagon Purus-aksjen låg lenge an til å bli tysdagens vinnar på børsen av selskapa frå Nordvestlandet.
Selskapet som lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar, har hatt eit tøft år med eit verdifall på nær 40 prosent.
Med positiv utvikling dei siste dagane før påske og ein oppgang på meir enn ti prosent tidleg tysdag, kan det verke som at investorane meiner selskapet er prisa for lågt.
Mot slutten av dagen fall kursen litt tilbake og tysdagen enda med ein oppgang på drygt 6,7 prosent til 6,67 kroner aksjen. Det er ikkje kome meldingar frå selskapet sidan den endelege årsrapporten ble sloppe 22. mars.
Også Havila Shipping-aksjen starta børsveka bra tysdag. Nokre timar før stengetid var oppgangen på drygt fire prosent, og kursen skaut fart mot slutten av dagen. Då handelen stengde var selskapet dagens børsvinnar frå regionen med ein oppgang på meir enn 12 prosent til 5,3 kroner aksjen.
Hovudindeksen på Oslo børs skaut fart frå start og enda med ein oppgang på 1,1 prosent til 1342,78 poeng.
Sjå børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Havila Shipping | kr 5,30 | 12,53 % |
Hexagon Purus | kr 6,67 | 6,72 % |
Romsdal Sparebank | kr 115 | 4,55% |
Havila Kystruten | kr 0,72 | 3,45 % |
Atlantic Sapphire | kr 0,92 | 2,33 % |
Sparebanken Møre | kr 91,95 | 0,81 % |
Salmon Evolution | kr 6,40 | 0,31 % |
Arctic Bioscience | kr 10,00 | 0,20 % |
Hexagon Composites | kr 18,84 | 0,16 % |
Endúr | kr 44,40 | -0,45 % |
Norva 24 Group* | 25,25 kr | -0,98 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 1,61 | -2,42 % |
Hofseth Biocare | kr 2,01 | -3,37 % |
Hav Group | kr 9,10 | -3,40 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 02.04.2024 14:08
Sist oppdatert: 02.04.2024 17:07