Michael Kleschinski Morten Holum foto Hexagon Purus 11
NY BOTNNOTERING: Hexagon Purus-sjef Morten Holum (t.h.) under opning av ny fabrikk i Tyskland nyleg. Foto: Hexagon Purus
Nytt

Børsdagen: Nytt botnnivå og «all-time high»

Medan Oslo børs steig til nye høgder, gjekk hydrogenaksje i raudt.

Marius Rosbach
18.10.2023

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Onsdag enda med ny «all-time high» for hovudindeksen på Oslo børs med 1312,26 poeng, etter ein oppgang på 0,19 prosent.

Stigande oljepris bidrog mellom anna til å sende Equinor-aksjen opp. Eit fat nordsjøolje låg ved stengetid på drygt 91 dollar fatet.

Like lystig vart ikkje dagen for hydrogenselskapet Hexagon Purus. Aksjen sank - saman med Arctic Bioscience - mest av selskapa frå Nordvestlandet.

I løpet av dagen var kursen nede i 10,86 kroner aksjen, som er ny botnnotering for selskapet. Sluttkursen enda på 11 kroner.

Heilt siden utgangen av februar har kursutviklinga stort sett vore negativ, men fallet har teke til sidan midten av september. Den førre botnnoteringa til aksjen kom 8. oktober og var på 11,04 kroner.

Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberer, og batteripakkar og -system. Selskapet har vekse, men driv fremdeles med tresifra millionunderskot.

Også Arctic Bioscience hadde ein raud dag og snuste på ny botnnotering etter eit fall på 4,35 prosent i løpet av dagen. Sluttkursen vart 8,80 kroner - 20 øre over førre botnnivå frå 11. oktober.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hav Group kr 8,56 2,39 %
Havila Shipping kr 10,08 2,13 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,25 1,13 %
Norva 24 Group* 19,08 kr 0,85 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,69 0,75 %
Sparebanken Møre kr 78,22 0,73 %
Salmon Evolution kr 6,11 0,66 %
Atlantic Sapphire kr 1,61 -0,49 %
Havila Kystruten kr 0,92 -1,50 %
Hofseth Biocare kr 2,75 -1,79 %
Hexagon Composites kr 25,06 -2,11 %
Endúr kr 40,30 -3,13 %
Statt Torsk kr 0,48 -4,00 %
Hexagon Purus kr 11,00 -4,35 %
Arctic Bioscience kr 8,80 -4,35 %
* Kurs i SEK

Publisert: 18.10.2023 17:02

Sist oppdatert: 18.10.2023 17:24

Mer om