Børsdagen: Nær dobling på tre månader
Havyard Group-aksjen held fram oppturen på raud børsdag.
Aksjonærane ser ut til å få opp augene for den nye satsinga til Havyard Group etter at selskapet 20. mai i år vart 100 prosent eigarar av BKS Holding og Fossberg Kraft.
Aksjekursen har stige kraftig, og nærmar seg dobling siste tre månader, utan at det har kome andre store nyheiter frå selskapet.
Torsdag var aksjen av børsvinnarane, med ein oppgang på 9,73 prosent, til 4,40 kroner aksjen.
Havyard Leirvik
BKS Holding har 370 tilsette og består av BKS Industri (Sunde), BKS VVS (Bergen), Zenit Engineering (Sunde), Marine Support (Storebø) og BKS Power and Automation (Sunde).
Selskapet er store på levering av tekniske installasjonar, elektro og automasjonstenester, noko som blant anna vil gjere at ein har eit godt totalprodukt saman med skipsverftet Havyard Leirvik, som ligg under Havyard Group.
Seljarane størst
Fossberg Kraft har på sin side sidan 2018 satsa stort på kjøp, oppgradering og sal av småkraftverk. Selskapet har no tre småkraftverk undre bygging, og har "offtake"-avtale med det britiske investeringsfondet Downing for kjøp eller overtaking av ferdigstilte kraftverk.
Oppkjøpet vart gjort for 285 millionar kroner, men der berre 15 millionar kroner vart betalt kontant. 245 millionar kroner av summen vart omgjort til nye aksjar i Havyard Group, noko som gjorde seljarane til største aksjonærar i selskapet, som dermed eig rundt 65 prosent av det samanslåtte selskapet.
Frå før var Sævik-selskapet Havila Holding største eigar i Havyard Group med 40,35 prosent av aksjane.
Oljeprisfall
Hovudindeksen fall 1,8 prosent til 1.185,12 poeng torsdag. Tungvektaren Equinor fall heile 4,3 prosent, og fleire andre oljeaksjar fall også.
Prisen på et eit fat Nordsjøolje var ved børsslutt ned 3,1 prosent for dagen til 103,58 dollar.
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Havyard Group | 4,4 | 9,73 % |
Havila Kystruten | 19,45 | 4,01 % |
Hexagon Composites | 29,76 | 3,69 % |
Norva24 Group* | 35,66 | 2,65 % |
Hexagon Purus | 26 | 0,78 % |
Endúr | 23,65 | 0,64 % |
Statt Torsk | 2,35 | 0,43 % |
Sparebanken Møre | 73,21 | 0,29 % |
Nortel | 18,7 | 0,00 % |
Hofseth Biocare | 3,69 | -0,27 % |
Hav Group | 13,86 | -0,29 % |
Salmon Evolution | 8,86 | -1,45 % |
Havila Shipping | 13,38 | -2,19 % |
Atlantic Sapphire | 18,89 | -3,23 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,42 | -3,41 % |
Arctic Bioscience | 14,95 | -3,55 % |
* I svenske kroner. Selskapet er registrert på Stockholms-børsen |
Publisert: 21.07.2022 15:37
Sist oppdatert: 21.07.2022 17:02