Njål sævik innfelt per ivar fagervoll foto kjetil golden energy 11
MEST I RAUDT: Havila Shipping-sjef Njål Sævik og Golden Energy Offshore-sjef Per Ivar Fagervoll (innfelt) var mellom dei få som hadde noko å gle seg over på børsen torsdag. Foto: Kjetil Haanes/Golden Energy Offshore Services
Nytt

Børsdagen: Offshore-oppgang på raud børs

Kriseråka oppdrettarar fekk også ein liten rekyl.

Marius Rosbach
21.09.2023

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Offshorereiarlaga Golden Energy Offshore og Havila Shipping var, saman med Atlantic Sapphire, dagens vinnarar av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet.

Sistnemnte aksje har hatt eit kraftig kursfall siste månaden frå kring 4,5 kroner aksjen til dagens 1,68 kroner. Torsdag fekk likevel aksjen ein liten rekyl og steig fem prosent.

Årsaka til at investorane har mista trua, er dårlegare inntening enn venta, fordi laksen i det landbaserte anlegget i Florida, USA, har vekse mindre enn planlagt.

Selskapet med adresse i Vestnes, håpar det blir ei betring på situasjonen framover. Måndag denne veka fekk dei levert kjølarar som skal installerast i løpet av månaden, ifølgje Intrafish.

Golden Energy Offshore og Havila Shipping-aksjane steig 2,8 og 2,78 prosent og enda på høvesvis 1,10 og 9,77 kroner aksjen.

Elles vart det minus for dei fleste selskapa frå Nordvestlandet på børsen torsdag.

Også hovudindeksen enda i solid minus med 0,78 prosent til 1.296,00 poeng.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Atlantic Sapphire kr 1,68 5,00 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,10 2,80 %
Havila Shipping kr 9,77 2,73 %
Statt Torsk kr 0,65 1,25 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,84 0,00 %
Hav Group kr 9,14 -0,22 %
Salmon Evolution kr 6,44 -0,31 %
Arctic Bioscience kr 10,00 -0,50 %
Nortel kr 25,00 -0,79 %
Havila Kystruten kr 1,08 -0,92 %
Hofseth Biocare kr 3,01 -0,99 %
Endúr kr 41,00 -1,20 %
Hexagon Composites kr 34,18 -2,01 %
Norva 24 Group* 19,50 kr -1,52 %
Sparebanken Møre kr 78,92 -2,45 %
Hexagon Purus kr 17,36 -3,98 %
* Kurs i SEK

Publisert: 21.09.2023 17:12

Sist oppdatert: 21.09.2023 17:12

Mer om