Børsdagen: Offshorereaksjon på børsen
Nedtur for Golden Energy Offshore Services og Havila Shipping.
Etter fleire dagar med opptur snudde det for Golden Energy Offshore Services og Havila Shipping i dag.
Aksjekursen i selskapa har stige høvesvis 249 og 279 prosent så langt i år, men i dag ble det eit fall på høvesvis 13,53 og 9,55 prosent.
Dei store kurssvingingane tyder på at selskapa framleis må rekna som små selskap, der relativt lite handel er nok til å utløyse store endringar i aksjekursen.
Trass i at optimismen er kraftig auka hos aksjemarknadane er det framleis ein bransje som er prega av ei langvarig krise, der selskapa har langt igjen til den tyngda som skaper stor interesse hos analytikarar og investorar.
Difor er det grunn til å vente store svingingar i aksjekursane også framover, sjølv om forventingane i marknaden er optimistisk.
Hovudindeksen på Oslo Børs fall 0,24 prosent i dag og aksjekursen i fleirtalet av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet fall (sjå tabell).
Dagens vinnar er Smartcraft, som i dag offentleggjorde ein avtale med potensielt 160 kundar i elektrokjeden Sikringen.
Smartcraft har hovedkontor i Ålesund, og leverer programvare til handverkarbransjen.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Smartcraft | 16,6 | 7,10 % |
Hexagon Composites | 35,36 | 3,51 % |
Hexagon Purus | 33,8 | 2,67 % |
Havila Kystruten | 19,7 | 2,35 % |
Havyard Group | 8,8 | 0,57 % |
Statt Torsk | 2,43 | -0,41 % |
Nortel | 17,3 | -0,57 % |
Hav Group | 14,8 | -1,46 % |
Salmon Evolution | 8,6 | -1,60 % |
Sparebanken Møre | 78,79 | -1,61 % |
Hofseth Biocare | 3,79 | -2,32 % |
Arctic Bioscience | 14,9 | -2,61 % |
Atlantic Sapphire | 25,82 | -3,66 % |
Endúr | 0,612 | -3,77 % |
Havila Shipping | 15,72 | -9,55 % |
Golden Energy Offshore Services | 2,62 | -13,53 % |
Publisert: 02.06.2022 17:05
Sist oppdatert: 02.06.2022 18:41