Frå å koste 76 dollar fatet ved starten av 2025 fall prisen på eitt fat Nordsjøolje gradvis ned til 60,3 dollar fatet 5. mai i år. Etterpå har det gått oppover. Denne veka har frykt for eit israelsk angrep på Iran - og uvissa om kva konsekvensar det kan få - sett fart på prisveksten. Etter krigshandlingane i natt, er prisen no over 73 dollar fatet (klokka 16:57). Det er ein auke på over 21 prosent sidan botnen i 5. mai og nesten heile prisfallet i starten av 2025 er henta inn.
Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte for dagen.
| Børsnoterte selskap på Nordvestlandet | ||
| Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
| Arctic Bioscience | 3,77 | 21,22% |
| Atlantic Sapphire | 8,70 | -12,03 % |
| Endúr | 89,30 | -1,11 % |
| Golden Energy Offshore Services | 19,45 | -1,02 % |
| Hav Group | 7,18 | -0,56 % |
| Havila Kystruten | 1,40 | 0,00 % |
| Havila Shipping | 1,33 | 0,76 % |
| Hexagon Composites | 16,32 | -3,09 % |
| Hexagon Purus | 1,60 | -3,14 % |
| Hofseth Biocare | 2,05 | -1,44 % |
| Tinde Sparebank | 127,52 | -1,51 % |
| Salmon Evolution | 6,07 | -0,16 % |
| Sparebanken Møre | 102,54 | -2,25 % |
Publisert: 13.06.2025 09:16
Sist oppdatert: 13.06.2025 16:59





