Blank 1170 x 625
Nortel-sjef Christian Pritchard (til venstre) og Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug fekk to ulike tilbakemeldingar frå aksjemarknaden i dag.
Nytt

Børsdagen: Opp og ned

Både Nortel og Arctic Bioscience hadde noko å fortelje i dag. Det blei opptur for den eine og botnrekord for den andre.

21.09.2022

Aksjekursen i mobiltelefoniselskapet Nortel steig fem prosent i dag etter at selskapet sende ei børsmelding om kontrakter med mellom andre Statens Vegvesen, Tolletaten, Mattilsynet og Kystverket, med i alt 2000 brukarar.

I tillegg har selskapet inngått ein avtale om å levere abonnement med ubegrensa data til alle tilsette i Gassco, som omfattar over 200 brukarar.

Avtalen med dei offentlege verksemdene er ei konkretisering av ein avtale med Statens Innskjøpssentral, som Nortel melde om i juni i år.

Avtalen gjer Nortel til sekundærleverandør av telefonitenester til 120 offentlige verksemder.

Avtalen omfattar inntil 3600 abonnentar av total 24 000 abonnenter i verksemdene, og gjeld for to år, med opsjon til fornying i to pluss ett år – til saman fem år.

Helsekost- og medisinfirmaet Arctic Bioscience hadde invitert investorar, analytikarar og media til ein presentasjon av selskapet i dag.

Der var mellom andre professor Kåre Steinar Tveit, som leidde det første medisinske testprogrammet av Arctic Bioscience sitt silderognbaserte middel mot hudsjukdomen psoriasis. Det er eit middel som no skal gjennom ein større, internasjonale test, eit nytt steg på vegen mot ei eventuell legemiddelgodkjenning.

Om presentasjonen hadde nokon effekt på børskursen var den i så fall negativ.

Arctic Bioscience-kursen fall 4,06 prosent, til 13 kroner aksjen.

Det er den lågaste aksjekursen selskapet har hatt sidan børsnoteringa i februar 2021. Då var kursen 27,50 kroner aksjen.

Dagens aksjekurs verdset selskapet til 317 millionar kroner.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Nortel 21,00 5,00 %
Havila Shipping 9,32 4,60 %
Hexagon Purus 19,58 2,46 %
Atlantic Sapphire 11,78 2,43 %
Endúr 24,97 2,40 %
Norva 24* 32,905 2,08 %
Hexagon Composites 25,46 1,92 %
Sparebanken Møre 72,5 0,58 %
Havila Kystruten 17,65 0,57 %
Salmon Evolution 8,30 0,24 %
Golden Energy Offshore Services 2,15 0,00 %
Hofseth Biocare 3,37 -2,03 %
Statt Torsk 2,20 -2,22 %
Havyard Group 2,92 -3,15 %
Arctic Bioscience 13 -4,06 %
Hav Group 10,50 -6,08 %
*Svenske kroner

Publisert: 21.09.2022 16:46

Sist oppdatert: 21.09.2022 18:16

Mer om