Børsdagen: Opp, opp, opp for Havila Shipping
Hittil i år har aksjekursen i Havila Shipping stige 249 prosent. Gjorde nytt hopp i dag.
Havila Shipping-aksjen steig 20,33 prosent i verdi i dag samanlikna med sluttkurs fredag, til 14,44 kroner per aksje.
Det verdset heile selskapet til 343 millionar kroner, opp 40 prosent i løpet av den siste veke, opp 249 prosent så langt i år og opp 418 prosent samanlikna med for 12 månadar sidan.
Selskapet kom med kvartalstal i førre veke, og har ikkje kome med andre børsmeldinga sidan. Det er heller ingen nye aksjanalyser ute som kan forklare den siste kursutviklinga.
Truleg er kursauken ein konsekvens av stigande forventingar til utviklinga for offshorereiarlaga, mellom anna på grunn av at oljeprisen no er på over 120 dollar fatet, opp over 50 prosent sidan årsskiftet.
Dessutan kan Havila Shipping framleis reknast som ein "penny-stock", der det er lett å spekulere i bråe og store kursendringar.
Sjølv om kursauken er gledeleg sett frå selskapet og aksjonærane si side er det verdt å minne om at det framleis er langt opp til nivået frå før offshorekrisa starta i 2014. Ved inngangen til 2014 var kursen i Havila Shipping 614 kroner aksjen.
På ein dag er hovudindeksen fall med 0,07 prosent vart det opptur for dei fleste børsnoterte selskap på Nordvestlandet. Berre fire selskap fall i verdi (sjå tabell).
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Havila Shipping | 14,44 | 20,33 % |
Statt Torsk | 2,49 | 7,33 % |
Hexagon Composites | 34,48 | 4,04 % |
Hav Group | 16,7 | 3,09 % |
Arctic Bioscience | 16 | 2,56 % |
Havyard Group | 9 | 2,27 % |
Hexagon Purus | 32,88 | 1,36 % |
Atlantic Sapphire | 15 | 0,97 % |
Salmon Evolution | 8,64 | 0,47 % |
Havila Kystruten | 18,8 | 0,00 % |
Smartcraft | 15,06 | 0,00 % |
Nortel | 17,4 | 0,00 % |
Sparebanken Møre | 79,01 | -0,99 % |
Golden Energy Offshore Services | 2,08 | -1,42 % |
Endúr | 0,57 | -1,72 % |
Hofseth Biocare | 3,78 | -4,06 % |
Publisert: 30.05.2022 17:00
Sist oppdatert: 30.05.2022 17:36