Alle tre forsyningsskipa til Golden Energy Offshore Services er i arbeid, og tener i gjennomsnitt 17.262 dollar ( 183.840 kroner) fortel selskapet i ei oppdatering om status for selskapet i dag.
Børsmeldinga er relativt kortfatta; Energy Swan er utleigd på ei lengre kontrakt med Repsol N, Energy Empress er utleigd på ei lengre kontrakt i Karibia og Energy Duchess er utleigd i spotmarknaden.
Marknaden er i betring i fleire regionar og Energy Duchess er i ein god posisjon til å dra fordel av fleire moglege sjansar i marknaden, ifølgje børsmeldinga.
Børsmeldinga vart sendt ut like før klokka 14.00 i dag. Då hadde det allereie vore handla aksjar i selskapet til dagens toppkurs, 1,20 kroner aksjen. Kursen steig på nytt til det nivået før den enda på 1,18 kroner ved børsslutt. Det er ein oppgang på 12,19 prosent sidan i går, og var den største kursauken blant dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Golden Energy Offshore Services | 1,18 | 12,19 % |
Havila Kystruten | 1,15 | 5,99 % |
Hexagon Composites | 29,08 | 4,98 % |
Salmon Evolution | 6,56 | 3,14 % |
Hav Group | 9,18 | 0,88 % |
Norva 24* | 25,95 | 0,39 % |
Endúr | 38,70 | 0,26 % |
Nortel | 29,00 | 0,00 % |
Sparebanken Møre | 75,90 | -0,24 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 2,99 | -0,33 % |
Statt Torsk | 0,60 | -0,33 % |
Atlantic Sapphire | 6,38 | -0,78 % |
Havila Shipping | 12,30 | -1,76 % |
Hexagon Purus | 19,82 | -2,36 % |
Hofseth Biocare | 2,52 | -3,82 % |
Arctic Bioscience | 9,74 | -6,79 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 04.07.2023 16:55
Sist oppdatert: 05.07.2023 16:52