Børsdagen: Oppdrettsselskap hentar pengar
Hexagon Purus med ny kontrakt, tre selskap gjorde fine hopp - og eitt selskap er på pengejakt.
Hexagon Purus-dottera Hexagon Purus Maritime melde torsdag om ein avtale med Moen Marin om leveranse av eit lagringssystem for hydrogen til bruk om bord i ein utsleppsfri arbeidsbåt til oppdrettsnæringa.
Etter å ha gjennomført utviklingsarbeid og testing, skal systemet leverast i slutten av neste år.
Kontrakten er på to millionar kroner, men Hexagon Purus Maritime ser på det som eit viktig gjennombrot ettersom det er første leveransen av denne typen system til den maritime industrien.
Men Hexagon Purus hadde ingen god børsdag. Det hadde derimot Hexagon Composites, som steig 6,43 prosent. Endå betre gjekk det for Atlantic Sapphire, med kursauke på 9,64 prosent, og bra omsetning.
Aller best gjorde derimot Havila Kystruten det torsdag, med ein kursauke på heile 11,11 prosent til 19,00 kroner aksjen, men med avgrensa omsetning.
Statt Torsk hentar pengar
Etter børsslutt kom det melding om at Statt Torsk skal hente inn 35-50 millionar friske kroner. Midlane skal brukast til å forbetre slaktekapasiteten, auke biomassa ved dei eksisterande anlegga og ved det nye anlegget ved Apalset, i tillegg til generelle selskapsformål.
Fleire aktørar har forplikta seg til å gå inn med kapital, blant anna Orinoco, som er eit selskap kontrollert av styreleiar Nicolas Brun- Lie, som vil bidra med 15 millionar, i tillegg til at Brun-Lie-selskapet Medvode bidreg med ein million.
Selskapet TD Veen, som er assosiert med styremedlem Øyvind Schanke bidreg med 11,5 millionar, medan finansdirektør Bjug A. Borgund stiller med 0,2 millionar.
I tillegg går Klo Holding, som eig Øyfisk og kvifiskprodusenten Gunnar Klo, inn med 4,0 millionar.
Oslo Børs gjekk torsdag opp 0,61 prosent til 1.190,02 poeng etter to dagar med fall. Oljeprisen steig tidleg på dag, men bikka nedover. Ved børsslutt vart eit fat nordsjøolje handla til 76,27 dollar fatet, ned 1,35 prosent.
Børsdagen i nordvest | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Havila Kystruten | 19 | 11,11 % |
Atlantic Sapphire | 9,1 | 9,64 % |
Hexagon Composites | 31,46 | 6,43 % |
Hofseth Biocare | 2,54 | 2,83 % |
Norva24 Group* | 30,9 | 1,98 % |
Endúr | 34 | 1,49 % |
Havila Shipping | 11,68 | 0,17 % |
Salmon Evolution | 8,38 | 0,12 % |
Arctic Bioscience | 13,25 | 0,00 % |
Nortel | 22,8 | 0,00 % |
Hav Group | 9,3 | -0,53 % |
Sparebanken Møre | 74,99 | -0,68 % |
Hexagon Purus | 25,22 | -1,79 % |
Eqva | 3 | -1,80 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,47 | -2,00 % |
Statt Torsk | 1,93 | -2,28 % |
* I svenske kroner. Selskapet er registrert på Stockholms-børsen |
Publisert: 08.12.2022 14:45
Sist oppdatert: 08.12.2022 17:55