Børsdagen: Oppgang på avtale
Hexagon Composites skal levere tankar og system for bruk av naturgass til lastebilar med ny motormodell.
Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Aksjekursen i Hexagon Composites steig med 3,84 prosent, etter at selskapet sende ut børsmelding tidleg måndag.
I meldinga sto det at den amerikanske lastebilprodusenten Kenworth Truck Company har bestilt ein ny motormodell frå motorprodusenten Cummins. Produksjonen av bilane skal starte i midten av dette året.
Motoren brukar naturgass som drivstoff og Hexagon Composites er underleverandør. Hexagon Composites reknar avtalen som eit gjennombrot for naturgass for store lastebilar, noko som i sin tur vil gi fleire oppdrag.
Den vurderinga ser det ut som aktørane i aksjemarknaden er samd i. Hexagon Compposites har ikkje hatt eit bra år på børsen hittil i år, og aksjen er ned 26,94 prosent sidan årsskiftet.
Men måndag fekk aksjonærane ein opptur.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Golden Energy Offshore Services | 1,59 | 7,30 % |
Hexagon Composites | 21,10 | 3,84 % |
Hexagon Purus | 7,02 | 2,03 % |
Havila Shipping | 4,67 | 1,52 % |
Hav Group | 11,35 | 1,34 % |
Hofseth Biocare | 2,38 | 1,28 % |
Sparebanken Møre | 86,80 | 0,43 % |
Eqva (tidl. Havyard Group) | 3,20 | 0,00 % |
Atlantic Sapphire | 1,43 | -0,42 % |
Salmon Evolution | 6,51 | -0,46 % |
Endúr | 36,90 | -1,60 % |
Norva 24 Group* | 27,25 | -3,20 % |
Arctic Bioscience | 9,26 | -3,74 % |
Havila Kystruten | 0,82 | -4,00 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 26.02.2024 17:00
Sist oppdatert: 26.02.2024 21:43