Atlantic Sapphire er blant vinnarane på Oslo børs i dag. Klokka 15:32 er kursen 7,51 kroner aksjen, opp 5,03 prosent sidan børsen stengte i går.
Selskapet med hovudkontoradresse på Vestnes og eit landbasert oppdrettsanlegg ved Miami i Florida fekk eit alvorleg tillitsproblem då det melde om biologiske problem for framskunda slakting i oktober i fjor.
I løpet av få dagar raste kursen ned frå 12,90 til 4,68 kroner aksjen, og tilliten til selskapet har hittil ikkje henta seg inn at etter det.
I januar i år kom en positiv analyse som løfta kursen over 10 kroner ei kort stund, før den i starten av mai fall ned under fem kroner igjen.
Sidan 10. mai har kursen imidlertid stige igjen.
Artikkelen er oppdatert etter børsen stengte i ettermiddag, mellom anna med børskursar for selskap på Nordvestlandet
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Havila Kystruten | 4,24 | 6,00 % |
Atlantic Sapphire | 7,51 | 5,03 % |
Statt Torsk | 0,48 | 4,13 % |
Hexagon Purus | 22,65 | 2,26 % |
Arctic Bioscience | 10,00 | 2,25 % |
Salmon Evolution | 6,77 | 1,20 % |
Norva 24* | 27,35 | 0,92 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,12 | 0,36 % |
Sparebanken Møre | 75,00 | -0,13 % |
Hav Group | 9,70 | -0,82 % |
Hexagon Composites | 27,84 | -1,49 % |
Havila Shipping | 14,00 | -1,82 % |
Nortel | 32,00 | -1,84 % |
Hofseth Biocare | 2,79 | -3,46 % |
Endúr | 39,90 | -3,86 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 2,91 | -6,13 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 09.06.2023 15:42
Sist oppdatert: 09.06.2023 16:55