Knut Flakk foto Marius Rosbach 11
IKKJE MED PÅ EMISJON: Knut Flakk og familien er storeigarar i Hexagon Composites, men var ikkje med på den siste emisjonen fordi dei ikkje hadde tilgjengeleg likviditet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Trur på dobling for Hexagon Composites

Opptur for Hexagon-aksjar. Ny analyse held på kjøpsanbefaling. Sjå børstabell for Nordvestlandet.

Marius Rosbach
23.09.2025

Hexagon Composites og Hexagon Purus steig begge på Oslo børs tydag. 

Sluttkursen for sistnemnte vart 1,64 kroner opp nær 8 prosent, medan Hexagon Composites enda på 12,62 - opp nær 3 prosent i løpet av dagen.

Oppgangen kjem etter at den svenske bankgruppa SEB som utarbeider analyser for Hexagon Composites, held på sin kjøpsanbefaling for Hexagon Composites-aksjen. Samtidig justerer dei ned kursmålet frå 30 til 24 kroner - dobbelt så høgt som kursen per i dag, skriv Finansavisen

Hexagon Composites har fått hard medfart av investorane siste veka og kursen har falle drygt 20 prosent. Nedgangen så langt i år er på over 70 prosent.

Selskapet lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde, mellom anna for lastebilar og industri og anlegg. 

Hexagon Composites henta førre veke inn 590 millionar kroner i ny eigenkapital til selskapet. Prisen for å vere med på kapitalutvidinga vart sett ut frå interessa for å vere med og emisjonskursen enda på 14 kroner. 

Fleire saker om Hexagon Composites

Fallet i ettertid er eit teikn på tapt tillit og investorane kunne fått aksjane rimelegare ved å kjøpe dei på børsen. I ettertid har selskapet beslutta å droppe ein påfølgjande mindre emisjon, ifølgje ei børsmelding måndag.  

Hovudindeksen på Oslo børs starta tysdagen i pluss og haldt seg der til slutten av dagen. Indeksen slutta med ein oppgang på 0,88 prosent til 1655,91 poeng. 

Børstabell for Nordvestlandet: 

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Biosciencekr                   3,55 -4,57 %
Atlantic Sapphirekr                   7,55 0,00 %
Endúrkr                86,10 0,47 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                19,90 -0,25 %
Hav Groupkr                   6,88 1,18 %
Havila Kystrutenkr                   1,28 0,00 %
Havila Shippingkr                   1,39 -0,36 %
Hexagon Compositeskr                12,62 2,94 %
Hexagon Puruskr                   1,64 7,75 %
Hofseth Biocarekr                   1,66 -7,52 %
Tinde Sparebankkr              122,00 0,00 %
Salmon Evolutionkr                   5,23 -1,51 %
Sparebanken Mørekr              105,00 -0,94 %
   

Publisert: 23.09.2025 11:40

Sist oppdatert: 23.09.2025 21:10

Mer om