Atlantic sapphire montasje christian pritchard foto foto atlantic sapphire nortel 11
BØRSVINNARANE: Nortel-sjef Christian Pritchard og lakseoppdrettarane i Atlantic Sapphire var dagens børsvinnarar i nordvest. Foto: Nortel/Atlantic Sapphire
Nytt

Børsdagen: Opptur for laks og telefoni

Likevel mest raude tal for selskapa frå nordvest.

Marius Rosbach
23.05.2022

Lakseoppdrettarane Atlantic Sapphire og telefoniselskapet Nortel vart mellom måndagens vinnarar av selskapa frå Nordvestlandet. Likevel var det mest raude tal mellom dei 16 selskapa frå Nordvestlandet.

Kursen for Atlantic Sapphire steig med 20,22 prosent til 22,36 kroner, medan Nortel enda opp med 15 prosent til 18,40 kroner då Oslo børs stengt.

Det har vore til dels store bevegelsar i aksjekursen til Atlantic Sapphire. Så langt i år er kursen i alt ned 20 prosent som prisar selskapet til drygt to milliardar.

Teleselskapet Nortel gjekk opp etter at selskapet i helga melde om resultatet av ein reparasjonsemisjon. Det var ikkje mange som teikna seg til emisjonen som blei varsla i starten av mai. Så lenge aksjekursen har vore lågare enn tilbodet, er det naturleg at investorane har valt å handle på børsen i staden for via emisjonen.

Aksjekursen til Åelsund-selskapet har falle med 30 prosent så langt i år.

Havila Shipping sank mest med 7,96 prosent til 9,48 kroner aksjen. Fleire andre oljeserviceselskap fall kraftig måndag.

Endûr fall 6,39 prosent, Statt Torsk fall 5,98 prosent og Hav Group fall 4,34 prosent.

Hav Group melde tidleg på dagen at dei hadde kjøpt seg opp i Norwegian Greentech. Konsernet eigde tidlegare knappe 78 prosent av aksjane, og har no overteke alle. Seljarane er noverande eigarar i Norwegian Greentech, Håvard Gjelseth og Børge Gjelseth, og tidlegare teknisk sjef Terje Gjelseth.

Hovudindeksen på Oslo børs enda opp 0,72 prosent. Prisen for eit fat nordsjøolje låg på 112,25 dollar - ein oppgang på 0,93 prosent ved børsslutt.

Sjå tabell:

SelskapKurs i kroner%-Endring i dag



Hexagon Purus
35,48
3,14 %
Havyard Group
9
-3,74 %
Smartcraft
15,50
0,13 %
Hexagon Composites
35,54
1,54 %
Sparebanken Møre
78,59
-1,63 %
Salmon Evolution
8,70
-1,47 %
Golden Energy Offshore Services
2,08
1,46 %
Nortel
18,40
15 %
Atlantic Sapphire
22,36
-20,22 %
Hav Group
14,54
-4,37 %
Havila Kystruten
18,65
0,27 %
Hofseth Biocare
3,89
0,52 %
Statt Torsk
2,2
-5,98 %
Havila Shipping
9,48
-7,96 %
Endúr
0,57
-6,39 %
Arctic Bioscience
16
0,63 %

Publisert: 23.05.2022 16:40

Sist oppdatert: 23.05.2022 17:21

Mer om