Hexagon Composistes nye toppsjef, Philipp Schramm, fekk ingen flying start på børsen etter å ha lagt fram sin første kvartalsrapport.
I løpet av torsdagen fall aksjen meir enn 11 prosent og var ved stengetid nede i 31,60 kroner.
Hexagon Composites la fram kvartalsrapporten per 4. kvartal tidlegare på dagen. Det investorane såg der, vart ikkje godt mottatt.
Verdifall
Ein negativ faktor for Hexagon Composites er verdifallet for Hexagon Purus, der Hexagon Composites er største aksjonær, med 38,41 prosent av aksjane.
Trass i eit oppsving er Hexagon Purus-aksjen likevel ned over 60 prosent sidan årsskiftet, og det eit stort verditap også for Hexagon Composites.
Hexagon Purus vart skilt ut av Hexagon Composites og børsnotert i 2020. Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar, og batteriløysingar.
Hexagon Composites ASA | ||
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 4877,2 | 4526,1 |
Driftsresultat | 370,1 | 145,6 |
Res.f. skatt frå eksisterande verksemd | -906,1 | -1015,8 |
Res. f.skatt medrekna verksemd som er skilt ut | -212,7 | -1113,7 |
Hexagon Composites ASA | ||
4. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 1533,0 | 1272,0 |
Driftsresultat | 179,9 | 40,7 |
Res.f. skatt frå eksisterande verksemd | -689,7 | -805,0 |
Res. f.skatt medrekna verksemd som er skilt ut | -691,2 | -797,3 |
Hexagon Composites lagar tilsvarande tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde. Begge selskapa har hovudkontoradresse i Ålesund. Flakk-familien er ein av dei største aksjonærane i Hexagon Composites og Knut Flakk er styreleiar.
Svak start
I fjor nådde Hexagon Composites 4,9 milliardar kroner i driftsinntekt, opp frå 4,5 milliardar kroner året før.
I år spår selskapet ein svak marknad i første halvår, og eit betre andre halvår. Forventningane er at inntektene i år vil bli mellom 4,9 og 5,3 milliardar kroner. Det betyr i verste fall null-vekst.
Publisert: 13.02.2025 14:56
Sist oppdatert: 16.05.2025 10:01