Oslo børs 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
Turbulent veke: Det har vore mykje motbør på børsen denne veka. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Raud avslutning på turbulent veke

Hovudindeksen på Oslo Børs ned 4,21% sidan forrige veke.

Linn Antonie Vårdal Solheim
23.06.2023

Det har vore ei travel veke på Oslo Børs, og fleire selskap har gjort det dårleg enn godt.

Under emisjonskurs for Havila Kystruten
Etter meldinga om emisjon mandag kveld, har aksjekursen kollapsa fullstendig. Fredag ettermiddag ligg kursen på 1,04, som er under emisjonskursen på 1,10 per aksje.

Med ein nedgang på 9,96% er Havila Kystruten dagens børstapar frå nordvest.

Denne veka er kursen totalt ned 82,4%.

Hexagon utsteder kompensasjonsaksjar
Fredag morgon sende Hexagon Composites ut nyhenda om at dei vil utstede opptil 73.106 aksjar, såkalla Performance Share Units, eller PSU-ar. Aksjane er ein del av kompensasjonsprogrammet til leiinga i selskapet, og Mottakar av aksjane er COO Hans Peter Havdal.

Den moglege aksjeutstedelsen er eit egenkapitalinstrument, og derfor meldepliktig.

Administrerande direktør i Hexagon Composites, Jon Erik Engeset, fortel over telefon til NETT NO at kompensasjonsprogrammet går over tre år, og at om ein når minimumsmåla vil dette løyse ut halvparten av den melde kompensasjonen. Eigenkapitalen tilsvarande kompensasjonen vil då konserterast til aksjar og delast ut..

Det nøyaktige talet på aksjar som utstedast vil derfor bli fastsett og "utbetalt" i 2026, med bakgrunn i korleis selskapet har gjort det i perioden.

I dag avslutta Hexagon Composites børsveka med ein nedgang på 1,57%, og ein aksjekurs på 26,30.

Statt torsk dagens vinnar
Dagens børsvinnar frå nordvest blei Statt Torsk, som etter ein tung vår har hatt ei god veke, og er opp 7,55% sidan børsslutt forrige fredag.

Saka er endra etter børsslutt, og det oppdatert med dagens endelege aksjekursar.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Statt Torsk 0,57 3,64 %
Golden Energy Offshore Services 1,12 1,82 %
Hofseth Biocare 2,89 1,76 %
Hexagon Purus 20,85 1,46 %
Sparebanken Møre 77 1,14 %
Hav Group 9,2 0,66 %
Norva 24* 26,35 0,38 %
Nortel 31,8 0,00 %
Arctic Bioscience 9,22 0,00 %
Salmon Evolution 6,02 -0,17 %
Eqva 2,93 -0,34 %
Endúr 39,9 -1,97 %
Hexagon Composites 26,1 -2,32 %
Havila Shipping 12 -4,00 %
Atlantic Sapphire 6,3 -8,70 %
Havila Kystruten 1,04 -9,96 %
* aksjekurs i SEK

Publisert: 23.06.2023 17:00

Sist oppdatert: 23.06.2023 17:01