Per Ivar Fagervoll foto Golden Energy Offshore Services
NY KAPITAL: Golden Energy Offshore Services er ute med ein oppfølgingsemisjon og Per Ivar Fagervoll er mellom dei som vil ha aksjar. Foto: Golden Energy Offshore
Nytt

Børsdagen: Reiarsjefen med på ny emisjon

Hydrogen- og industriaksje mest opp.

Marius Rosbach
24.10.2023

Golden Energy Offshore-sjef Per Ivar Fagervoll er mellom dei som er med i ein ny retta emisjon i reiarlaget frå Ålesund.

Det kjem fram i ei børsmelding at Fagervoll har teikna seg for 2,7 millionar aksjar til ei krone aksjen.

Også styremedlem Morten Muggerud har teikna seg for kring 425.000 aksjar til ei krone aksjen.

Reiarlaget planlegg å hente inntil 70 millionar kroner i påbyggingsemisjonen som blei annonsert 19. oktober. Teikningsperioden går til 6. november.

Kapitalinnhentinga kjem i kjølvatnet av at reiarlaget henta kring 360 millionar i slutten av september.

Kursen på Oslo børs steig tysdag på for andre på rad til 1,26 kroner aksjen.

Industriselskapet Eqva steig mest av aksjane tilhøyrande selskap frå Nordvestlandet med ein oppgang på drygt 7,4 prosent.

Hydrogenselskapet Hexagon Purus hadde ein nesten like god dag, med ein oppgang på 6,3 prosent.

Hofseth Biocare hadde den dårlegaste utviklinga av selskapa frå regionen med eit fall på drygt 3,5 prosent.

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,75 7,42 %
Hexagon Purus kr 11,04 6,36 %
Hav Group kr 8,96 4,19 %
Statt Torsk kr 0,49 3,41 %
Havila Kystruten kr 0,90 2,28 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,26 2,27 %
Havila Shipping kr 9,60 2,13 %
Sparebanken Møre kr 77,89 1,83 %
Hexagon Composites kr 25,50 1,76 %
Salmon Evolution kr 5,95 0,85 %
Arctic Bioscience kr 8,96 -0,22 %
Norva 24 Group* 18,00 kr -0,99 %
Atlantic Sapphire kr 1,36 -2,01 %
Endúr kr 38,80 -2,51 %
Hofseth Biocare kr 2,75 -3,51 %
* Kurs i SEK

Publisert: 24.10.2023 17:25

Sist oppdatert: 24.10.2023 17:25

Mer om