Ein analyse av det landbaserte oppdrettselskapet Atlantic Sapphire frå meklarhuset Arctic Securities gjorde selskapet til dagen børsvinnar på Nordvestlandet. Berre eitt selskap på Oslo Børs hadde større kursauke i dag.
Kursen steig 17,59 prosent, til 9,995 kroner aksjen. Det verdset selskapet til 1,5 milliardar kroner.
Ifølgje Finansavisen , som referer til nyhendetenesten TDN Direkt, meiner Arctic Securites at Atlantic Sapphire-kursen kan stige til 17 kroner aksjen.
Atlatntic Sapphire-aksjonærane har hatt ein nedtur som starta i februar 2021. I oktober ifjor melde selskapet om vanskar i produksjonen og aksjekursen fall frå 12,90 ned til bontnnoteringa 4,68 kroner aksjen i løpet av to dagar.
Det er for mykje og under dei reelle verdiane i selskapet, etter meklarhuset si vurdering.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Atlantic Sapphire | 9,995 | 17,59 % |
Hexagon Purus | 25,86 | 2,29 % |
Arctic Bioscience | 11,30 | 2,26 % |
Nortel | 19,60 | 1,03 % |
Statt Torsk | 1,66 | 0,91 % |
Norva 24* | 35,30 | 0,00 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 3,00 | 0,00 % |
Sparebanken Møre | 79,49 | -0,39 % |
Hexagon Composites | 33,44 | -0,42 % |
Endúr | 27,57 | -0,45 % |
Havila Kystruten | 10,65 | -0,47 % |
Salmon Evolution | 8,16 | -0,49 % |
Hav Group | 8,60 | -1,49 % |
Hofseth Biocare | 2,93 | -2,98 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,48 | -3,00 % |
Havila Shipping | 21,20 | -5,15 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 24.01.2023 17:08
Sist oppdatert: 24.01.2023 17:08