Børsdagen: Vil låne ein milliard
Hexagon Purus med konvertibelt obligasjonslån.
850 millionar kroner av milliardlånet Hexagon Purus vil ta opp i obligasjonsmarknaden har allereie långivarane på plass.
Blant dei er største aksjonær i selskapet, Hexagon Composites, som vil bidra med 200 millionar kroner, ifølgje ei børsmelding. Mitsui & Co., Ltd har forplikta seg til 500 millionar kroner.
Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar, i mellom anna skip, lastebilar og tog. Lånet skal finansiere vidare vekst for Hexagon Purus.
Selskapet har auka driftsinntektene med over 60 prosent i årets ni første månadar saman med tilsvarande periode i fjor og selskapet sin ordrereserve ved utløpet av november i år er 1,3 milliardar kroner.
Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Sparebanken Møre-opptur
Aksjekursen til Sparebanken Møre er på sitt høgaste sidan mars.
Lenge såg 2023 til å bli eit trist år for Sparebanken Møre-eigarane, men opptur på tampen gjer at nesten heile kursfallet på eigenkapitalbevisa tidlegare i år har henta seg inn att. Så langt i år er kursfallet 3,51 prosent.
Til samanlikning har Sparebanken Vest-kursen auka 16,99 prosent og Sparebank1 SMN-kursen auka 8,63 prosent hittil i år.
Onsdag steig kursen til Sparebanken Møre forsiktige 0,15 prosent, til 81,42 kroner per eigenkapitalbevis.
Fredag 24. november i år var kursen ned i 73,7 kroner, som også er årets botnnotering. Etterpå har det gått oppover.
Det er framleis eit stykke opp til årets toppnotering på 88 kroner i starten av mars - og også til kursen ved inngangen til 2023 - 84,41 kroner. Men den negative trenden i store deler av 2023 kan vere broten.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Golden Energy Offshore Services | 1,38 | 6,15 % |
Norva 24 Group* | 24,30 | 0,83 % |
Sparebanken Møre | 81,45 | 0,18 % |
Hexagon Composites | 26,38 | 0,15 % |
Arctic Bioscience | 8,34 | 0,00 % |
Hofseth Biocare | 2,64 | 0,00 % |
Salmon Evolution | 6,50 | 0,00 % |
Havila Shipping | 5,65 | -0,88 % |
Statt Torsk | 0,84 | -0,94 % |
Havila Kystruten | 0,77 | -1,28 % |
Hav Group | 9,90 | -1,98 % |
Hexagon Purus | 10,46 | -2,61 % |
Endúr | 36,80 | -2,90 % |
Eqva (tidl. Havyard Group) | 3,14 | -3,38 % |
Atlantic Sapphire | 1,72 | -4,02 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 20.12.2023 16:50
Sist oppdatert: 20.12.2023 17:40