Arctic Bioscience fabrikk Christer Valderhaug Ill Arctic Bioscience Christer Valderhaug
ØRSTA: Arctic Bioscience-sjef skal torsdag presentere selskapet for kundane til ABG Sundal Collier, men fabrikken i Hovdebygda er utsett. Illustrasjon/foto: Arctic Bioscience
Nytt

Børsdagen: Skal presentere seg for investeringsbank

Arctic Bioscience skal ha presentasjon for kundane til ABG Sundal Collier.

18.05.2022

Interessa for Arctic Bioscience-aksjen har vore laber siste tida. Onsdag vart det ikkje omsett ein einaste aksje i selskapet, som børsen prisar til 383 millionar kroner.

Ei rekke aksjonærar på Nordvestlandet er medeigarar i selskapet. Aller størst er Halsebakk-selskapet Ronja Capital II føre Harald Nordahl-eigde Capra Invest, medan Vartdal-familien i det siste har kjøpt seg opp gjennom Vartdal Holding.

Stoppa fabrikkbygging
Selskapet, som produserer helseprodukt basert på silderogn, og er i ferd med å teste ut eit potensielt legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis, skulle investere 200 millionar kroner på å byggje og utruste ein fabrikk i Ørsta.

Men prosjektet vart stoppa på grunn av krigen i Ukraina, med store prishopp på material og uvisse når utstyr og material kan leverast.

Life Science Summit
På børsen har også handelen stoppa mykje opp. Selskapet har siste månaden falle 6,5 prosent, og interessa er laber. Måndag var det kun fem små handlar, og onsdag ligg det inne kun fire kjøpsordrar.

Torsdag kan det verte ny interesse for aksjen etter at konsernsjef Christer Valderhaug og medisinsk direktør Runhild Gammelsæter skal presentere selskapet for kundane til ABG Sundal Collier på investeringsbankens Life Science Summit.

Forøvrig vart det heller ikkje handla aksjar i dag i selskap som Nortel, Statt Torsk og Smartcraft.

Bråstopp for Ålesund-selskap
Eit anna selskap som melde nytt onsdag var Ålesund-selskapet Golden Energy Offshore Services, som har inngått ein intensjonsavtale med det norske hydrogenselskapet Gen 2 Energy for å utveksle informasjon med tanke på å bruke hydrogen som drivstoff på offshoreskipa.

Golden Energy Offshore Services har klatra kraftig på børsen siste vekene. Onsdag låg selskapet på nytt lenge på toppen av vinnarlista med ein oppgang på 25 prosent til 2,70 kroner aksjen.

Men på tampen av børsdagen snudde stemninga brått, og det vart pøst ut aksjar.

Kursen enda til slutt på 1,88 kroner, ein nedgang på 5,7 prosent.

Tredobling
Havila Shipping-aksjen heldt derimot fram himmelferda onsdag. Aksjen har stige 110 prosent på ein månad, og meir enn tredobla seg på eitt år

Onsdag var kursen på det høgaste opp i 12,94 kroner, men slutta på 11,00 kroner, som likevel var ein oppgang på 10 prosent.

Offshoreselskapet Eidesvik Offshore steig kraftig onsdag, medan det truleg var gevinstsikring i DOF og Solstad Offshore etter eventyrleg oppgang på kort tid.

Hexagon-hopp
Hexagon Composites-aksjonærane hadde ein god børsdag. Aksjen steig 7,4 prosent til 35,12 kroner, medan Hexagon Purus steig 3,2 prosent.

Onsdag gjekk hovudindeksen på Oslo Børs opp 1,6 prosent og enda på 1.238,55 poeng.

Ved børsslutt vart eit fat nordsjøolje omsett for 112,03 dollar, så vidt opp frå 16. mai.

Fleire oljeaksjar steig etter at blant anna Aker BP og Equinor vart oppgraderte til kjøp i ein fersk analyse frå DNB Markets.

Publisert: 18.05.2022 15:34

Sist oppdatert: 18.05.2022 20:14

Mer om