Oslo børs
OPP: Hovudindeksen på Oslo Børs steig 0,5 prosent i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Skremeskot frå energibyrået

Spår oljeflaum innan 2030.

12.06.2024

Oljeproduksjonen vil overgå etterspørselen med så mykje at vi ikkje har sett makan sidan koronapandemien, skriv det Internasjonale Energibyrået ( IEA) i ein ny rapport.

Det er produksjonsauke i USA og andre amerikanske land som vil bidra mest til produksjonsauken.

Slår IEA sin spådom til vil det mellom anna bety at Opec-landa og Russland mister den styringa med oljeprisen som dei har i dag, ifølgje rapporten.

Blant anna vil auka andel av elektriske bilar dempe etterspørselsveksten og hindre at den held tritt med veksten i oljeproduksjonen.

Forventningane om auke oljeetterspørsel har vore med på å setwt ny fart i olje- og gassbransjen, og dermed også skapt optimisme hos offshorereiarane.

Om IEA får rett er er det fare for at desse forventningane ikke blir innfridd.

For investerane i dei to børsnoterte offshorereiarlaget på Nordvestlandet, Golden Energy Offshore Services, såg IEA-rapporten ikje ut til å gjere stort inntrykk. Begge steig i verdi i dag, og Golden Energy Offshore Services blei dagens børsvinnar i nordvest.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Golden Energy Offshore Services 32,98 9,92 %
Arctic Bioscience 10,30 3,00 %
Norva 24 Group* 29,65 2,95 %
Havila Shipping 6,84 2,40 %
Hexagon Purus 9,20 2,00 %
Havila Kystruten 1,00 1,73 %
Sparebanken Møre 82,66 1,66 %
Romsdal Sparebank 110,00 0,73 %
Hofseth Biocare 2,02 0,50 %
Hav Group 10,70 0,00 %
Salmon Evolution 7,60 -1,43 %
Endúr 52,80 -1,86 %
Hexagon Composites 32,20 -2,72 %
Atlantic Sapphire 10,25 -2,81 %
* Kurs i SEK

Publisert: 12.06.2024 16:54

Sist oppdatert: 12.06.2024 16:54