Boershopp for Nortel
KVA SKJEDDE?: På slutten av dagen i dag vart det handla ein liten aksjepost i Nortel, til langt under børskursen tidlegare på dagen. Biletet er frå markeringa av børsnotering i november 2021.
Nytt

Børsdagen: Smell for Nortel-aksjen

Berre to selskap på Oslo Børs hadde større fall i aksjekursen enn teleselskapet.

19.08.2022

Kursen i Nortel fall i dag 4,50 kroner per aksje til 16,80 kroner aksjen. Det er eit fall på 21,50 prosent og 85 millionar i tapt verdi på ein dag for mobiltelefoniselskapet frå Ålesund.

Selskapet kom tidlegare denne veka med tal for 1. halvår og ein optimistisk, men ikkje tidfesta prognosen om at det er på veg mot overskot.

Den første reaksjonen i aksjemarknaden var positiv. Kursen steig 11,11 prosent, til 20 kroner.

Veksten held fram, til klokka 10:10 i dag. Då vart det handla 5000 aksjar i selskapet. Klokkar 15:45 vart det handla 25 aksjar, til kurs 16:85.

Mandag vil det vise seg om dette berre var eit merkleg utslag på slutten av børsveka, eller om aktørane i aksjemarknaden meiner Nortel bør ligge på nivået ved børsslutt i dag.

10.mai i år var kursen til Nortel ned i 16 kroner, som er botnrekorden til selskapet.

Fleirtalet av børsselskapa på Nordvestlandet hadde kursfall i dag (sjå tabell).

Hovudindeksen på Oslo Børs steig 0,26 prosent i dag.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Golden Energy Offshore Services 2,22 2,78 %
Salmon Evolution 9,27 1,87 %
Norva 24* 37,225 1,69 %
Sparebanken Møre 76,11 1,62 %
Hofseth Biocare 3,45 1,47 %
Atlantic Sapphire 20 0,00 %
Havyard Group 3,725 -0,13 %
Hav Group 13,7 -0,72 %
Statt Torsk 2,25 -2,17 %
Havila Shipping 15 -3,35 %
Endúr 28,025 -3,36 %
Hexagon Purus 25,66 -3,39 %
Hexagon Composites 30,5 -4,21 %
Arctic Bioscience 14,5 -4,61 %
Havila Kystruten 17,25 -5,99 %
Nortel 16,8 -21,50 %
*Svenske kroner

Publisert: 19.08.2022 17:01

Sist oppdatert: 20.08.2022 13:15