Nytt
Børsdagen: Sommarstille handel
Fleire av selskapa frå nordvest med dagar utan at det har vore handla ein einaste aksje.
Marius Rosbach
08.07.2022
Det var sommarstille handel på Oslo børs med låge volum for ein rekke aksjar. Hovudindeksen gjekk ned med 0,74 prosent, medan prisen på nordsjøolje var kring 1,6 prosent i løpet av dagen til 105,6 dollar fatet ved stengetid.
Fleire av selskapa frå Nordvestlandet har knapt hatt handel i aksjene denne veka. Fredag var det ingen handel i Havila Kystruten og Arctic Bioscience.
Sistnemnte hadde ein opptur torsdag på 10 prosent til 15,40 kroner, etter at selskapet var nær ny botnrekord onsdag. Oppturen kom av to handlar på totalt vel 31.000 kroner.
Nortel-aksjen har hatt fleire dagar utan omsetning den siste veka, men fredag blei det handla for 10.000 kroner. Det var nok til å sende aksjen ned med 3,3 prosent.
Dagens vinnar av selskapa frå Nordvestlandet var lakseoppdrettarane i Atlantic Sapphire med ein oppgang på 5,95 prosent til 21,72 kroner aksjen.
Golden Energy Offshore var igjen dagens tapar frå nordvest med eit fall på 6,48 prosent til 1,151 kroner aksjen. Reiarlaget har hatt ei tøff veke med ein nedgangen på kring 20 prosent.
Kursutvikling for selskap frå Nordvestlandet:

Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag | |
Atlantic Sapphire | 21,72 | 5,95 % | |
Havyard Group | 3,59 | 4,97 % | |
Hexagon Purus | 26,84 | 4,40 % | |
Hexagon Composites | 28,94 | 3,95 % | |
Norva24 Group * | 35,995 | 1,98 % | |
Sparebanken Møre | 74,19 | 0,93 % | |
Hofseth Biocare | 3,69 | 0,27 % | |
Statt Torsk | 1,975 | 0,25 % | |
Hav Group | 13,68 | 0,00 % | |
Havila Kystruten | 20 | 0,00 % | |
Arctic Bioscience | 15,4 | 0,00 % | |
Salmon Evolution | 8,75 | -0,11 % | |
Endúr | 24,4 | -0,41 % | |
Havila Shipping | 14,66 | -0,95 % | | |
Nortel | 17,4 | -3,33 % | |
Golden Energy Offshore Services | 1,151 | -6,48 % | |
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen. |
Publisert: 08.07.2022 17:07
Sist oppdatert: 08.07.2022 17:29