Knut Flakk Energu Observer foto Ogne
STORAKSJONÆR: Knut Flakk og familien i Ålesund er storaksjonærar i Hexagon Purus, via eigarskapen i Hexagon Composites. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Starta med opptur

Meklarhus trur på sokalla grøne aksjar i år.

Marius Rosbach
02.01.2023

Hexagon Purus gjorde det best av selskapa frå Nordvestlandet på årets første børsdag. Aksjekursen enda på 22,38 kroner, etter ein oppgang på 8,12 prosent måndag.

Hydrogenselskapet starta også 2022 på om lag same nivå, etter at kursen hadde falle dramatisk gjennom 2021, frå meir enn 60 kroner aksjen.

Mange sokalla grøne aksjar opplevde at investorane vende seg bort i løpet av fjoråret. No trur meklarhuset Fearnley dette kan endre seg raskt for fornybar- og cleantech-selskap, ifølgje Finansavisen.

Medan fjorårets utvikling var prega av stigande rente, kostnadsvekst og ei dreiing vekk frå vekstaksjar, dreg sektoren no meir nytte av sterkare reguleringspress og at løysingane er meir konkurransedyktige, skriv meklarhuset.

Endúr-aksjen fekk hardast medfart på børsen måndag, med ein nedtur på 6,05 prosent til 32,405 kroner.

Hovudindeksen på Oslo børs gjekk opp med 0,68 prosent til 1.197,10.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hexagon Purus 22,38 8,12 %
Nortel 24 8,11 %
Golden Energy Offshore Services 1,33 5,56 %
Havila Kystruten 11,3 4,15 %
Hexagon Composites 28,45 3,72 %
Statt Torsk 1,75 3,24 %
Hofseth Biocare 3,37 2,43 %
Havila Shipping 12,6 1,78 % |
Salmon Evolution 8,3 0,36 %
Hav Group 8,5 0,00 %
Norva24 Group * 33,7 -0,30 %
Atlantic Sapphire 7,4 -0,40 %
Arctic Bioscience 11,75 -0,42 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 2,9 -1,36 %
Sparebanken Møre 81,19 -3,81 %
Endúr 32,405 -6,05 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 02.01.2023 17:07

Sist oppdatert: 02.01.2023 17:38

Mer om