Børsdagen: Sterk spurt for Bagid
Annonserte avtale som sette fart på kapitalutvidinga.
No klokka 18.00 onsdag 17. august gjekk fristen ut for å teikne seg i kapitalutvidinga til bagasjebrikkeselskapet Bagid i Ålesund.
Bagid lagar ein sporbar bagasjebrikke som skal forenkle bagasjeinnsjekking på flyplassane, som gjer det råd å spore bagasjen til ei kvar tid og som potensielt også kan vidararutviklast til bruk i godstransport.
I dag tidleg var beløpet interesserte investorar hadde teikna seg for framleis godt under 13 millionar kroner.
Minstemålet Bagid hadde sett seg for kapitalutvidinga var 9,5 millionar kroner, og det var nesten i boks allereie før den offisielle teikningsperiiden starta. I løpet av den to veker lange teikningperioden har beløpet investorane har teikna seg for krype berre sakte oppover.
I formiddag melde Bagid på Linkedin at selskapet har inngått eit strategisk partnarskap med BB Computerteknikk i Drammen. Det er eit selskap som har spesialisert seg på utstyr og teknologi for innsjekking, kontroll og tryggleik på flyplassar. Drammensarane sin teknologi opnar opp for at det teknisk blir mykje lettare for Bagid å koble seg saman med nye flyselskap. Den potensielle marknaden blir dermed utvida og raskare tilgjengleg for Bagid gjennom denne avtalen.
Den meldinga likte investormarknaden. Då teikningsperioden var omme hadde investorar teikna seg for til saman 15,3 millionar kroner i selskapet, i følgje nettsida til Folkeinvest.
Maksimalnivået for emisjonen, 22 millionar kroner, blei ikkje nådd men Bagid kom i alle fall mykje nærare i løpet av siste dag i teikningsperioden.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Endúr | 25,9 | 6,15 % |
Salmon Evolution | 9,43 | 4,43 % |
Nortel | 20,4 | 2,00 % |
Hav Group | 13,7 | 1,48 % |
Statt Torsk | 2,3 | 0,44 % |
Golden Energy Offshore Services | 2,28 | 0,00 % |
Arctic Bioscience | 14,1 | -0,70 % |
Sparebanken Møre | 74,4 | -1,06 % |
Hofseth Biocare | 3,47 | -1,70 % |
Hexagon Composites | 31,34 | -2,43 % |
Havila Kystruten | 17,8 | -2,47 % |
Atlantic Sapphire | 19,72 | -2,47 % |
Norva 24* | 36,3 | -2,94 % |
Havila Shipping | 15,54 | -3,24 % |
Havyard Group | 3,765 | -3,46 % |
Hexagon Purus | 26,72 | -4,37 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 17.08.2022 18:01
Sist oppdatert: 17.08.2022 22:41