Nytt
Børsdagen: Stig før kvartalstal
Hexagon Purus dagens børsvinnar på Nordvestlandet
12.02.2024
Produsenten av tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar i alt frå små bilar til store skip skal legge fram tal per 4. kvartal i morgon.
Ut frå dagens kursutvikling, ein opptur på 6,93 prosent til 8,02 kroner aksjen, ser det ut til at ein del aktørar i aksjemarknaden ventar tal som skal løfte kursen i morgon.
Selskapet blei skilt ut frå Hexagon Composites i 2020 og børsnotert.
Hexagon Purus var prisa til over 80 kroner på det høgast, like etter børsnotering i desember 2020. 6. februar nådde kursen sitt førebels lågaste nivå, 7,40 kroner aksjen.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Hexagon Purus | 8,02 | 6,93 % |
Havila Kystruten | 0,82 | 5,38 % |
Endúr | 41,90 | 1,95 % |
Hofseth Biocare | 2,46 | 1,65 % |
Arctic Bioscience | 10,00 | 1,21 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,45 | 0,69 % |
Eqva (tidl. Havyard Group) | 3,11 | 0,65 % |
Hexagon Composites | 23,40 | 0,52 % |
Salmon Evolution | 7,08 | 0,43 % |
Sparebanken Møre | 85,50 | 0,00 % |
Norva 24 Group* | 27,70 | -0,72 % |
Havila Shipping | 4,80 | -1,03 % |
Atlantic Sapphire | 1,71 | -1,15 % |
Hav Group | 10,50 | -4,11 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 12.02.2024 16:52
Sist oppdatert: 12.02.2024 16:52