Børsdagen: Superveke for Hexagon
Har auka 40 prosent. Børsen avslutta i «all-time high».
Hexagon Composites har hatt eit svært god veke på børsen, og vart også fredagens vinnar av selskapa frå Nordvestlandet.
Aksjen enda dagen med ein oppgang på meir enn åtte prosent til 23,10 kroner. Det betyr at selskapet har auka kring 40 prosent den siste veka,
I løpet desse dagane har selskapet også lagt fram resultata frå første kvartal. Dei viste at inntekter og driftsresultatet vart svakare i første kvartal i år, samanlikna med i fjor.
Sluttkursen fredag er samtidig 20 prosent under nivået ved årsskiftet, og prisar selskapet til kring 4,65 milliarder kroner.
Hexagon Composites lager tanker og system for bruk av natur- og biogass som energikilde, fra små bærbare gassgrillbeholdere til store mobile gasstanker for anlegg- og industri. Selskapet har hovedkontoradresse i Ålesund, med Knut Flakk som styreleder og Flakk-familien som en av de store aksjonærene.
Hovudindeksen på Oslo børs slutta veka med ein oppgang på heile 1,46 prosent til 1418,73 poeng, som er ny rekordnotering.
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Hexagon Composites | kr 23,10 | 8,20 % |
Atlantic Sapphire | kr 1,09 | 3,23 % |
Romsdal Sparebank | kr 108,98 | 1,38 % |
Hav Group | kr 10,00 | 1,01 % |
Sparebanken Møre | kr 84,52 | 0,75 % |
Hexagon Purus | kr 7,09 | -0,14 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 1,80 | -0,28 % |
Salmon Evolution | kr 7,69 | -0,77 % |
Hofseth Biocare | kr 2,07 | -0,96 % |
Endúr | kr 47,30 | -1,36 % |
Havila Shipping | kr 6,00 | -1,96 % |
Arctic Bioscience | kr 10,10 | -2,88 % |
Havila Kystruten | kr 0,85 | -3,30 % |
Norva 24 Group* | kr 27,35 | -4,04 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 10.05.2024 17:19
Sist oppdatert: 10.05.2024 17:38