Børsdagen: Søkjer plass på hovudlista
Hexagon Purus vil inn blant dei store.
Oslo Børs har mottatt søknaden frå Hexagon Purus om å bli noterte på hovudlista, skriv selskapet i ei børsmelding.
Ei notering på hovudlista stille større krav til selskapa enn om dei er notert på marknadsplassen Euronext Growth, mellom anna når det gjeld tal på aksjonærar.
Gevinsten med å flytte til hovudlista er gjerne større interesse og dermed også meir handel i aksjen, som i sin tur kan gjere det lettare å hente inn pengar gjennom nye kapitalutvidingar i framtida.
I starten av mars i år henta Hexagon Purus inn 500 millionar kroner i ny eigenkapitat og 800 millionar i eit konvertibelt obligasjonslån. Eit konvertibelt obligasjonslån kan gjerast om til aksjar. Transaksjonen må sjåast på som ein del av førebuingane til å blir overført til hovudlista.
Per i dag er 68,39 Hexagon Composites største aksjonær, med 68,39 prosent av aksjane i Hexagon Purus. Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar, i tillegg til batterilysingar.
Hitttil å år har aksjekursen i Hexagon Purus stige 27,34 prosent. Årets høgast notering var 35,02 kroner per aksje 28. februar. I dag fall kursen 0,6 prosent i høve til i går, til 26,36 kroner aksjen.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Statt Torsk | 1,17 | 4,46 % |
Atlantic Sapphire | 5,66 | 4,33 % |
Endúr | 44,36 | 1,99 % |
Hav Group | 11,34 | 1,61 % |
Salmon Evolution | 7,74 | 0,26 % |
Arctic Bioscience | 11,00 | 0,00 % |
Norva 24* | 29,00 | -0,14 % |
Hexagon Composites | 34,74 | -0,23 % |
Hexagon Purus | 26,36 | -0,60 % |
Havila Shipping | 14,94 | -0,66 % |
Sparebanken Møre | 80,99 | -0,67 % |
Havila Kystruten | 9,30 | -1,06 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 3,14 | -1,26 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,08 | -1,83 % |
Nortel | 29,40 | -2,00 % |
Hofseth Biocare | 2,82 | -2,76 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 22.03.2023 16:43
Sist oppdatert: 27.03.2023 12:49