Per Sævik Bent Martini foto Kjetil
BETRING: Utviklinga i april viste at Havila Kystruten tenar meir på kvar gjest. Eigar Per Sævik (t.v.) og reiarsjef Bent Martini må likevel sjå at aksjekursen held seg på eit låg nivå. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Børsdagen: Tener meir på kvar gjest

Havila Kystruten-aksjen held likevel fram på lågt nivå.

Marius Rosbach
19.05.2025

Sjå børstabell for Nordvestlandet under 

Før helga kom Havila Kystruten med ei oppdatering på drifta som viste at reiarlaget i april tente nær 30 prosent meir per lugar, samanlikna med året før. 

Reiarlaget kunne også fortelje at drygt 20 prosent av kapasiteten for 2026 allereie var booka til betydeleg høgare snittprisar enn for 2025. Dei fortel også at dei har meir balansert belegg mellom nord- og sørgåande ruter, og at dei ventar at årsbelegget aukar. 

Samla gjer det at reiarlaget ventar høgare omsetning og betre ebitda-marginar i 2026, enn i 2025. 

Investorane har likevel ikkje teke bølgjen over utviklinga i selskapet. Aksjeverdien har rett nok krope opp eit lite hakk i mai samanlikna med i april. 

Måndagens sluttkurs på 1,1 kroner er likevel langt under nivåa frå eit par år tilbake. 

Mot slutten av 2022 var verdien kring 20 kroner aksjen, men fekk fleire tunga fall frå desember det året, og utover våren 2023. Fleire utsette jomfruseglasar og usikkerheit kring finansieringa bidrog til å redusere verdien. 

Sidan sommaren 2023 har aksjeverdien svinga kring ei krone aksjen. 

Hovudindeksen på Oslo børs fall med 0,44 prosent måndag til 1558,73 poeng. 

SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
Arctic Biosciencekr 
3,60
-6,49 %
Atlantic Sapphirekr                   7,30 3,54 %
Endúrkr                85,00 0,24 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                16,55 -8,06 %
Hav Groupkr                   7,38 0,27 %
Havila Kystrutenkr                   1,10 0,92 %
Havila Shippingkr                   1,54 4,05 %
Hexagon Compositeskr                17,24 0,58 %
Hexagon Puruskr                   1,42 -1,11 %
Hofseth Biocarekr                   2,38 -0,83 %
Norva 24 Group*36,50 kr  0,00 %
Romsdal Sparebankkr              127,70 0,55 %
Salmon Evolutionkr                   6,10 -1,61 %
Sparebanken Mørekr              102,36 -0,14 %
* Kurs i SEK  
   

Publisert: 19.05.2025 17:32

Sist oppdatert: 19.05.2025 19:52

Mer om