Romega Arctic Bioscience foto Arctic Bioscience 11
HELSEKOST: Ørsta-baserte Arctic Bioscience jobber med eit utviklingsløp for fleire legemiddel, men tenar førebels pengane sine på kosttilskott. Foto: Arctic Bioscience
Nytt

Børsdagen: To selskap sank til ny botnnotering

Hydrogen og bioteknologi fekk unngjelde på raud børsdag.

Marius Rosbach
26.10.2023

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Hovudindeksen på Oslo børs sank torsdag med 0,54 prosent til 1252,38 poeng. Også oljeprisen peika nedover og eit fat nordsjøolje blei handla til under 88 dollar fatet ved stengetid.

Av selskapa frå Nordvestlandet vart det ny botnnotering både for Arctic Bioscience og Hexagon Purus.

Førstnemnte fall mest av dei selskapa frå regionen med 7,78 prosent til 7,82 kroner per aksje. Kursen har i løpet av oktober falle frå kring 10 kroner - om lag same nivå aksjen låg på ved starten av året.

Hydrogenselskapet Hexagon Purus noterte seg også for eit nytt botnnivå torsdag med eit fall på 2,42 prosent til 10,50 kroner aksjen.

Sparebanken Møre la tidleg torsdag fram eit resultat for 3. kvartal som viste at regionbanken tener meir pengar i år. Det gav ingen effekt på aksjekursen som peika nedover.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hofseth Biocare kr 2,80 3,70 %
Hav Group kr 9,18 2,00 %
Norva 24 Group* 18,08 kr 1,57 %
Salmon Evolution kr 5,93 0,68 %
Statt Torsk kr 0,50 0,20 %
Hexagon Composites kr 25,44 0,16 %
Endúr kr 39,50 -0,50 %
Havila Shipping kr 9,40 -0,63 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,23 -1,76 %
Hexagon Purus kr 10,50 -2,42 %
Atlantic Sapphire kr 1,31 -2,96 %
Sparebanken Møre kr 75,60 -3,01 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,54 -4,87 %
Havila Kystruten kr 0,82 -5,12 %
Arctic Bioscience kr 7,82 -7,78 %
* Kurs i SEK

Publisert: 26.10.2023 17:08

Sist oppdatert: 26.10.2023 17:09

Mer om