Arctic Bioscience Frå sjøen 1 utsnitt
BYGGESTOPP: Tidlegare i år la Arctic Biosience planane om fabrikkbygging i Hovdebygda på is på grunn av kostnadseksplosjon og uvisse om leveringstryggleik og vidare prisutvikling. Illustrasjon: Arctic Bioscience.
Nytt

Børsdagen: Treng medisin mot kursfall

Ny botnrekord for Arctic Bioscience.

30.09.2022

Investorane i Arctic Bioscience har ikkje vinden i ryggen. I dag fall aksjekursen 9,64 prosent og selskapet fall mest av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet.

11,25 kroner aksjen verdset selskapet til 274 millionar kroner, den hittil lågaste verdien sidan børsnoteringa i februar 2021. Hittil i år er kursfallet 36,8 prosent,

Arctic Bioscience produserer i dag helsekostprodukt basert på silderogn. Det mest interessante med selskapet - sett frå eit investorsynspunkt - er arbeidet med å få legemiddelgodkjenning av eit middel mot hudsjukdomen psoriasis. Også det middelet er basert på silderogn.

Svar på det store internasjonale testprogrammet av psoriasismiddelet som skal gjennomførast kjem først neste år. Det er den avklaringa som vil vere det store vegskiljet for selskapet, men med aksjekursutviklinga som målestokk ser forventningane ut til å vere dalande.

Om leiinga kan gjere stort for å snu stemninga er eit ope spørsmål all den tid legemiddelgodkjenning er ein tidkrevande prosess.

Så langt har den i alle fall ikkje funne svaret.

Det nest største kursfallet blant selskapa i nordvest hadde offshorereiarlaget Golden Energy Offshore Services i Ålesund (sjå tabell under).

Selskapet la fram halvårsrapporten for 1. halvår midt på dagen i dag, men då var storparten av børsfallet i dag allereie unnagjort.

Golden Energy Offshore Services auka driftsinntektene frå 23,6 millionar kroner i første halvår 2021 til 59,9 millionar kroner i første halvår 2022.

Les børsmelding her

Driftsinntektene betra seg i tilsvarande periode frå minus 21,1 til minus 9,4 millionar og resultatet før skatt frå minus 22,2 til minus 23 millionar kroner.

Det er framleis snakk om underskot, men trass kursfallet i dag er Golden Energy Offshore Services likevel verdtsett 164 prosent høgare på børsen er ved starten av 2022.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Hav Group 10,00 5,26 %
Hexagon Purus 20,04 4,38 %
Hexagon Composites 23,84 4,20 %
Havila Shipping 8,01 4,16 %
Atlantic Sapphire 11,04 2,51 %
Norva 24* 31,585 1,89 %
Sparebanken Møre 70,00 1,23 %
Salmon Evolution 7,96 0,76 %
Havila Kystruten 17,85 0,00 %
Nortel 19,20 -0,52 %
Statt Torsk 2,07 -0,96 %
Endúr 24,27 -1,80 %
Havyard Group 3,30 -5,71 %
Hofseth Biocare 3,20 -5,88 %
Golden Energy Offshore Services 1,98 -9,17 %
Arctic Bioscience 11,25 -9,64 %
*Svenske kroner

Publisert: 30.09.2022 17:32

Sist oppdatert: 30.09.2022 17:37

Mer om