Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Composites sine amerikanske datterselskap, Hexagon Agility og Hexagon Digital Wave, skal levere utstyr og service for 213 millionar kroner til ein amerikansk kunde.
Oppdraget omfattar både tankar biogasstankar- og system til lastebilar, store mobile biogasstankar og kontroll- og service-system.
Kven som er kunden er ikkje oppgitt, ut over at kunden driv avfallshandteringsbilar.
Børsmeldinga vart sendt ut ved 9-tida tysdag.
Før børshandelen opna var kursen til Hexagon Composites 19,90 kroner aksjen. Like før meldinga kom var kursen litt ned.
Deretter steig aksjen få minutt etter meldinga kom - før den igjen fall.
Da handelen var over for dagen, vart fasiten ein nedgang på meir enn fem prosent til 18,82 kroner. Det var nest verst av dei børsnoterte selskapa fra Nordvestlandet.
Det er også ein nedgang på meir enn 58 prosent hittil i år, og det lågaste nivået sidan april i fjor. Kursen verdset selskapet til 3,95 milliardar kroner.
Hovudindeksen på Oslo børs fall frå start med kring ein prosent tysdag.
Den tok seg litt opp att i løpet av dagen, før den fall mot slutten av handelen. Sluttindeksen enda 0,7 prosent ned i løpet av dagen til 1437,37 poeng.
Nedgangen kjem etter ein tung 2. påskedag på amerikanske børsar med kraftige fall over heile linja.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 4,60 | 9,9 % |
| Atlantic Sapphire | kr 8,02 | 1,49 % |
| Endúr | kr 75,20 | 1,08 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 17,95 | 8,46 % |
| Hav Group | kr 6,92 | 0,29 % |
| Havila Kystruten | kr 0,97 | 1,89 % |
| Havila Shipping | kr 1,28 | 2,40 % |
| Hexagon Composites | kr 18,82 | -5,43 % |
| Hexagon Purus | kr 1,76 | -6,95 % |
| Hofseth Biocare | kr 1,97 | -4,37 % |
| Norva 24 Group* | 36,25 kr | 0,14 % |
| Romsdal Sparebank | kr 121,02 | -0,15 % |
| Salmon Evolution | kr 5,96 | -0,17 % |
| Sparebanken Møre | kr 95,65 | -0,57 % |
| * Kurs i SEK | ||
Publisert: 22.04.2025 09:55
Sist oppdatert: 22.04.2025 16:57






