Hexagon Purus Hino Trucks foto Hexagon Purus 11
KAN FÅ KJEMPEAVTALE: Hexagon Purus er i samtaler om ein avtale med den amerikanske lastebilprodusenten Hino Trucks om utstyr til opptil 20 milliardar til elektrisk drivne lastebilar. Foto: Hexagon Purus
Nytt

Børsdagen: Tungt fall etter vellukka kapitaljakt

Hexagon Purus-aksjen enda likevel over emisjonskursen.

Marius Rosbach
02.03.2023

Saka er oppdatert med børstabell for Nordvestlandet etter børsslutt

Hexagon Purus-aksjen starta torsdagen med eit kraftig fall etter onsdagens nyheiter om kapitalinnhenting på 1,3 milliardar kroner.

Ved 12-tida hadde aksjen henta seg inn noko frå botnnivået tidleg på dagen, og stod i kurs 28,6 kroner. Det svara til eit fall på drygt 13 prosent – tredje verst utvikling på Oslo børs så langt torsdag.

På slutten av dagen hadde aksjen justert seg til eit fall på 12,39 prosent. Kursen på 28,86 er framleis over emisjonskursen som gjekk ut i tilbodet til investorane onsdag.

Statt Torsk fekk også eit fall på drygt fire prosent. Ellers var det lite bevegelse mellom selskapa frå Nordvestlandet på børse (sjå tabell under saka).

Hovudindeksen på Oslo børs enda torsdag opp med 0,63 prosent til 1.250,40.

Henta inn 1,3 milliardar
Hexagon Purus henta i løpet av onsdag kveld inn 500 millionar kroner til ein emisjonskurs på 27 kroner, i tillegg til at kring 800 millionar vart henta inn i via konvertible obligasjonar.

Deira japanske partnar Mitsui investerer ein halv milliard kroner i obligasjonane – og vil investere opptil 1,5 nye milliard kroner dei neste åra.

Selskapet vurderer også ein tilleggsemisjon som kan gi nye drygt 74 millionar i ny eigenkapital. Emisjonen vil vere retta mot eksisterande aksjonærar.

Kan få avtale verdt 20 milliardar
Hexagon Purus som starta som eit reindyrka hydrogenselskap, leverer også løsyingar for tunge batteridrivne køyretøy. Samtidig som selskapet varsla kapitalinnhenting onsdag, melde dei om langt komne samtalar om ei kontrakt til ein verdi av opptil 20 milliardar kroner.

Avtalen gjeld levering av utstyr på opptil 10.000 lastebilar til Hino Trucks – som er Toyota sitt lastebilselskap i USA. Leveransane vil – om den kjem i boks - inkludere batterisystem, hjelpemodular, kraftmodular og programvare.

Planen er at deira amerikanske partnar leverer «skroget» til bilane med ein drivaksel. Deretter skal Hexagon Purus montere den elektriske drivlina på køyretøya.

Har pengar til «godt inn i 2024»

Meldingar om kapitalutvidingar brukar ofte medverke til fall i aksjekursen fordi eksisterande eigarar får redusert sin eigardel om dei ikkje sjølve er med på kapitalutvidinga.

Hexagon Puryus-sjef Morten Holum fortalde til Finansavisen torsdag at selskapet no hadde kapital til «godt inn i 2024». Pengane skal brukast til å vekse vidare med selskapet som berre i år opnar fem anlegg på tre kontinent.

Han fortalde at USA var ein spesiell interessant marknad, ikkje minst grunna styresmaktene store økonomiske hjelpepakke som er innført for å dempe inflasjonen.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Havila Shipping 17,86 4,08 %
Arctic Bioscience 14,45 3,21 %
Hav Group 11,18 1,82 %
Hofseth Biocare 3,03 1,34 %
Hexagon Composites 38,56 0,78 %
Golden Energy Offshore Services 1,49 0,68 %
Salmon Evolution 8,38 0,48 %
Atlantic Sapphire 6,88 0,29 %
Norva 24* 31,04 0,13 %
Havila Kystruten 9,98 -0,20 %
Sparebanken Møre 87,68 -0,31 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 3,48 -0,57 %
Nortel 27,60 -0,72 %
Endúr 38,69 -0,81 %
Statt Torsk 1,46 -4,26 %
Hexagon Purus 28,86 -12,39 %
*Svenske kroner

Publisert: 02.03.2023 12:14

Sist oppdatert: 02.03.2023 17:07

Mer om