Oslo børs
FALL: Hovudindeksen på Oslo Børs fall 0,22 prosent i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Tungt hydrogen

Hydrogen er lett, men løfter ikkje kursen i Hexagon Purus.

23.02.2024

Hexagon Purus-aksjen nådde ein ny botnrekord idag.

Kursen fall 4,58 prosent, til 6,88 kroner. Det verdset selskapet til 1,9 milliardar kroner. På det høgaste, tidleg i 2021, var kursen over 80 kroner aksjen.

Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar, frå store tankar til industri og anlegg til tankar for bussar, lastebilar og bilar. Selskapet var tidlegare ein del av Hexagon Composites, som lagar tilsvarande tankar og system for bruk av natur- og biogass. I 2020 vart Hexagon Purus skilt ut og børsnotert.

Om hydrogen er laga med vasskraft eller andre fornybare energikjelder er det ein CO2-utsleppsfri energiberar, eit ekte "grønt" alternativ til diesel og bensin.

Slikt var i vinden i 2020/2021, men marknaden for "grøne" alternativ har ikkje utvikla seg så rakst som aksjeinvestorar då håpa på, og Hexagon Purus-kursutviklinga er blant dei som speglar at uinnfridde forventningar.

Kursutviklinga i Hexagon Purus er nesten identisk med Aker Horizon, der Kjell Inge Røkke-dominerte Aker er storaksjonær. Aker Horizon samlar Aker-systemet sine "grøne" investeringar. Tidleg i 2021 var kursen 48,50 kroner aksjen. I dag fall kursen 7,8 prosent til 3,57, osm er nær botnrekorden for selskapet.

"Akers fornybarselskap risikerer lånetrøbbel om det hører på analytikernes bønn om nedskrivninger. Samtidig står selskapet overfor en vegg av gjeld som må refinansieres.", skriv Finansavisen i dag. Det er frykta for at Aker Horizon overvurderer verdien av investeringane sine som trekkjer ned.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Salmon Evolution 6,54 0,15 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,20 0,00 %
Sparebanken Møre 86,43 -0,14 %
Atlantic Sapphire 1,44 -0,28 %
Golden Energy Offshore Services 1,48 -0,54 %
Havila Shipping 4,60 -0,54 %
Havila Kystruten 0,85 -0,93 %
Norva 24 Group* 28,25 -1,05 %
Hofseth Biocare 2,35 -1,26 %
Hexagon Composites 20,32 -1,36 %
Hav Group 11,20 -2,18 %
Endúr 37,50 -3,60 %
Arctic Bioscience 9,62 -3,80 %
Hexagon Purus 6,88 -4,58 %
* Kurs i SEK

Publisert: 23.02.2024 17:04

Sist oppdatert: 23.02.2024 17:04