Arctic Bioscience vart dagens tapar av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet onsdag.
Kursen slutta på 1,85 kroner, litt over den dårlegaste sluttnoteringa frå 21. oktober på 1,65 kroner per aksje.
Aksjen stupte etter at selskapet ikkje fekk resultata dei håpte på i dei første funna frå ein studie av ein legemiddelkandidat for hudsjukdomen psoriasis.
I førre veke leverte Arctic Bioscience tal for 3. kvartal som viste at selskapet har pengar fram til første kvartal 2025. Då vil selskapet samtidig vere ferdige med heile studien.
Arctioc Bioscience-sjef Christer Valderhaug fortalde nyleg til Nett No at desse resultata ville vere avgjerande for vegen vidare.
Golden Energy Offshore Services var dagens børsvinnar av selskapa frå regionen med ein oppgang på kring 5,5 prosent til 26,90 kroner.
Onsdagen blei ein raud dag for investorane på Oslo børs, og tungvektarar som Equinor var mellom dei som tynga.
Hovudindeksen sank med heile 1,27 prosent i løpet av dagen, til 1414,43 poeng.
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Golden Energy Offshore Services | kr 26,90 | 5,49 % |
Atlantic Sapphire | kr 0,08 | 2,77 % |
Sparebanken Møre | kr 92,28 | 2,52 % |
Hexagon Composites | kr 41,20 | 1,48 % |
Endúr | kr 59,40 | 0,17 % |
Hofseth Biocare | kr 1,43 | 0,00 % |
Romsdal Sparebank | kr 122,90 | 0,00 % |
Hav Group | kr 8,50 | -0,23 % |
Norva 24 Group* | kr 30,65 | -0,33 % |
Salmon Evolution | kr 6,64 | -1,92 % |
Havila Kystruten | kr 0,58 | -3,01 % |
Havila Shipping | kr 2,62 | -4,38 % |
Hexagon Purus | kr 5,71 | -6,09 % |
Arctic Bioscience | kr 1,85 | -11,06 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 06.11.2024 16:59
Sist oppdatert: 06.11.2024 16:59