Børsdagen: Varda Care når minstemålet
Kapitalutvidinga i Varda Care blei litt meir spennande enn selskapet hadde håpa på, men selskapet er så godt som i mål.
I løpet av 14 dagar skulle Varda Care hente inn minst åtte millionar kroner i ny eigenkapital gjennom finansieringsplattformen Folkeinvest.
Fristen går ut i morgon klokka 18:00 og per klokka 16.43 i dag manglar selskapet mindre enn 75.000 kroner for å kome i mål.
Dagleg leiar Diana Myrstad Meldal seier selskapet har fått meldingar for investorar som enno ikkje har teikna seg vil bli med, slik at målet om minst åtte millionar blir nådd.
Varda Care i Ålesund er spunne ut av velferdsteknologisatsinga til Helland Møbler i Stordal, som byggjer møblar som også kan varsle om helsetilstanden til brukarane, og om brukarane treng hjelp frå pleiarar eller pårørande.
Før kapitalutvidinga er Varda Care verdsett til 26,5 millionar kroner. Dei åtte millionane som investorane går inn med i kapitalutviding utgjer ein eigarandel på 23,2 prosent i Varda Care.
Berre to av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet hadde kursauke i dag og hovudindeksen på Oslo Børs fall 1,54 prosent.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Havila Kystruten | 18,20 | 1,11 % |
Salmon Evolution | 8,34 | 0,24 % |
Arctic Bioscience | 14,00 | 0,00 % |
Hofseth Biocare | 3,44 | 0,00 % |
Sparebanken Møre | 69,30 | -0,29 % |
Norva 24* | 31,58 | -0,49 % |
Statt Torsk | 2,15 | -0,92 % |
Havila Shipping | 9,00 | -2,49 % |
Endúr | 27,20 | -2,68 % |
Hexagon Composites | 22,60 | -3,83 |
Hav Group | 9,99 | -3,94 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,74 | -5,95 % |
Havyard Group | 3,46 | -6,11 % |
Atlantic Sapphire | 12,21 | -6,22 % |
Nortel | 18,00 | -6,74 % |
Hexagon Purus | 18,70 | -6,78 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 11.10.2022 16:49
Sist oppdatert: 11.10.2022 23:06