Sjå børstabell for Nordvestlandet
Havila Kystruten var dagens børsvinnar av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet.
Det har vore handla betydeleg med aksjar i selskapet i løpet av dei siste dagane, og sluttkursen fredag enda på 0,826 kroner per aksje.
Sjølv om det var ein oppgang på 7,83 prosent for dagen, er børsutviklinga lite å juble for. Så langt i år har verdien falle med drygt 90 prosent.
I løpet av fredagen var aksjen nede i ny botnnotering på 0,77 kroner aksjen og børsen prisar reiarlaget til drygt 700 millionar kroner.
Botnnoteringa har truleg samanheng med at Havila Castor tidlegare i veka måtte avbryte seglasen til Kirkenes grunna tekniske problem. For ein dryg månad sidan hadde søsterskipet Havila Pollux teknisk feil på ein elmotor og måtte avbryta seglasen i Trondheim.
Les også
Atlantic Sapphire-aksjen blei dagens tapar av selskapa frå regionen. Sluttkursen blei 1,392 kroner aksjen etter eit fall på 5,82 prosent i løpet av dagen.
I løpet av dagen måtte selskapet samtidig notere seg for ny botnnotering med 1,30 kroner aksjen.
Selskapet som satsar på landbasert oppdrett i den amerikanske delstaten Florida, har hatt ein rekke problem det siste året – og kursutviklinga har vore deretter.
Aksjen har falle drygt 80 prosent i løpet av 2023.
Hovudindeksen på Oslo børs slutta i pluss med 0,52 prosent til 1294,33 poeng.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Havila Kystruten | kr 0,83 | 7,83 % |
Norva 24 Group* | 22,65 kr | 3,42 % |
Sparebanken Møre | kr 78,80 | 1,74 % |
Hexagon Composites | kr 26,06 | 1,01 % |
Havila Shipping | kr 5,68 | 0,18 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 1,16 | 0,00 % |
Salmon Evolution | kr 6,19 | -0,16 % |
Hexagon Purus | kr 9,70 | -0,51 % |
Hav Group | kr 9,54 | -1,04 % |
Endúr | kr 39,50 | -1,25 % |
Statt Torsk | kr 0,76 | -1,56 % |
Eqva (tidl. Havyard Group) | kr 3,40 | -1,73 % |
Arctic Bioscience | kr 9,00 | -2,17 % |
Hofseth Biocare | kr 2,67 | -2,91 % |
Atlantic Sapphire | kr 1,39 | -5,82 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 08.12.2023 17:16
Sist oppdatert: 08.12.2023 17:16