Nytt
Børsdagen: Veka starta med nedtur
Sævik-aksjar i topp og botn på dagens børstabell.
Marius Rosbach
11.12.2023
Måndagen starta utan store bevegelsar for dei fleste børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet.
Havila Shipping-aksjen skilte seg ut i negativ forstand med eit fall på drygt ni prosent til 5,15 kroner aksjen. Fallet var tredje største på børsen denne dagen og nivået er det lågaste for reiaraksjen sidan i fjor vår.
Dagens vinnar var Havila Kystruten-aksjen med ein oppgang på drygt fire prosent etter ei sterk avslutning førre veke.
Hovudindeksen på Oslo børs starta veka med ein oppgang på 0,37 prosent til 1299,18 poeng.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Havila Kystruten | kr 0,86 | 4,12 % |
Statt Torsk | kr 0,78 | 3,17 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 1,18 | 1,55 % |
Hofseth Biocare | kr 2,70 | 1,12 % |
Sparebanken Møre | kr 78,80 | 0,00 % |
Arctic Bioscience | kr 9,00 | 0,0 % |
Endúr | kr 39,40 | -0,25 % |
Hav Group | kr 9,50 | -0,42 % |
Norva 24 Group* | 22,55 kr | -0,44 % |
Salmon Evolution | kr 6,14 | -0,81 % |
Eqva (tidl. Havyard Group) | kr 3,30 | -2,94 % |
Atlantic Sapphire | kr 1,35 | -3,02 % |
Hexagon Purus | kr 9,37 | -3,40 % |
Hexagon Composites | kr 25,08 | -3,76 % |
Havila Shipping | kr 5,15 | -9,33 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 11.12.2023 17:10
Sist oppdatert: 11.12.2023 17:10