Arctic Bioscience vart måndag verdsett til 42 millionar kroner. Kanskje det er på tide å rekne på selskapet som eit helsekostselskap i staden for eit legemiddelselskap?
Ideen til Arctic Bioscience er å få legemiddelgodkjent selskapet sitt middel mot hudsjukdomen psoriasis. Middelet er basert på silderogn, og dei første resultata frå ein større internasjonal studie vart offentleggjort denne veka,
Dessverre for selskapet og investorane bak - mange av dei med adresse på Nordvestlandet - viste studien gode resultat også hos dei forsøkspersonane som berre fekk eit virkningslaust middel, ein såkalla placeboeffekt.
Dermed er det ikkje råd å konkludere med at middelet virkar - og kursen stupte frå 13 kroner til 2,90.
Kursen har halde fram med å falle. Måndag fall den frå 2,02 til 1,65 kroner per aksje.
Arctic Bioscience har hatt eit samla underskot på 140 millionar kroner dei siste fire åra, og har i tillegg eit driftsunderskot på 24 millionar kroner i første halvår 2024.
Det er utviklingskostnadane for å utvikle og få legemiddelgodkjenning som kostar.
Inntektene på 17 millionar kroner i første halvår i år og 34 millionar kroner i 2023, kjem imidlertid frå helsekostmarknaden. Arctic Bioscience sitt varemerke er Romega, som også er basert på silderogn.
På eitt eller anna kursnivå vil nokon byrje å vurderer kva som er verdien om kostnadane blir kutta, og Arctic Bioscience blir gjort om til eit reindyrka helskekostselskap.
Men studien som pågår er ikke ferdig før over årsskiftet. Om Arctic Bioscience finn ein forklaring på placebo-effekten, aukar sjansen for at det heller blir satsa vidare på legemiddelgodkjenning fordi det er ein mykje meir lønsam bransje.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Havila Kystruten | 0,75 | 5,82 % |
Sparebanken Møre | 86,49 | 2,17 % |
Hav Group | 8,66 | 1,17 % |
Hexagon Composites | 38,85 | 0,52 % |
Romsdal Sparebank | 121,98 | 0,38 % |
Golden Energy Offshore Services | 27,50 | 0,00 % |
Endúr | 55,20 | -0,36 % |
Salmon Evolution | 6,66 | -0,60 % |
Hofseth Biocare | 1,60 | -0,62 % |
Havila Shipping | 3,30 | -1,49 % |
Hexagon Purus | 7,51 | -1,57 % |
Norva 24 Group* | 30,25 | -2,89 % |
Atlantic Sapphire | 0,09 | -3,33 % |
Arctic Bioscience | 1,65 | -18,32 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 21.10.2024 17:15
Sist oppdatert: 21.10.2024 22:34