Sandfang og spyling 1 Norva24 foto Norva24
Norva24 har spesialisert seg på vedlikehald og reparasjon av infrastruktur under bakken. Foto: Norva24
Nytt

Børsdagen: Årsbeste for Norva24

Har stige 11,9 prosent i år.

31.05.2024

Konsernet spring ut av industrimiljøet i Stryn. Nordfjord-kommunen er også hovudkontoradressa og heimkommunen til fleire større aksjonærar i det børsnoterte selskapet, som har spesialisert seg på vedlikehald og utbetring av infrastruktur under bakken.

Modellen til Norva 24 er å vekse ved å innlemme nye selskap i bransjen i konsernet ved å ta seljarane inn på eigarsida.

Med denne modellen har dei vakse til eit børsnotert internasjonalt konsern, med verksemd i Noreg, Sverige, Danmark og Tyskland.

Planen er å vekse vidare etter same modell, og på nettsida si inviterer Norva 24 nye selskap i bransjen til å bli ein del av konsernet.

Har bygd milliardkonsern frå Stryn

I slutten av 2021 vart Norva 24 børsnotert, på Nasdaq-børsen i Stockholm.

Kursen ved børsnotering var over 32 svenske kroner og nådde ein topp på knappe 39 kroner i august 2022.

Deretter fall kursen under 18 kroner i oktober i fjor, før den byrja å stige igjen.

Dagens kurs, 29,60 kroner aksjen, er den høgste sidan april 2023.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Kystruten 1,02 3,55 %
Hexagon Purus 8,73 3,44 %
Norva 24 Group* 29,60 2,96 %
Hofseth Biocare 2,12 2,42 %
Hav Group 11,40 2,24 %
Hexagon Composites 28,60 1,42 %
Salmon Evolution 8,11 0,75 %
Golden Energy Offshore Services 35,20 0,56 %
Romsdal Sparebank 108,00 0,00 %
Sparebanken Møre 84,30 -0,59 %
Arctic Bioscience 10,30 -0,96 %
Endúr 51,40 -1,72 %
Havila Shipping 5,34 -4,64 %
Atlantic Sapphire 11,31 -5,75 %
* Kurs i SEK

Publisert: 31.05.2024 16:53

Sist oppdatert: 31.05.2024 16:58